Der blei det presentert selskap som var grunnlagde på forskings- og nyskapingsidéar både ved UiO, Universitetet for miljø- og biovitskap, sjukehusa i Oslo-regionen og ved Simulasenteret.
Målet med arrangementet var å få forskarane til å knyta kontaktar som kan hjelpa til med nyskapande forsking og samtidig få høve til å presentera forsking for samfunns- og næringsliv. Samtidig skal entreprenørar og næringslivsaktørar bli kjende med framifrå forskarar og forskingsmiljø ved UiO, går det fram av programmet.
Birkeland Innovasjon AS oppfordrar også kvalifiserte entreprenørar som har starta bedrifter tidlegare om å gjera det igjen saman med dei. First Tuesday er ein nettverksorganisasjon som har eksistert i over seks år, og har over 7000 medlemar, medan Birkeland Innovasjon A/S er UiOs eining for teknologioverføring. Oslo Teknopol støtta også arrangementet.
Logg inn for å kommentere