Jon Sudbø seier opp stillinga ved UiO
Førsteamanuensis II Jon Sudbø har sagt opp stillinga si ved Det medisinske fakultetet og sluttar straks. Det skriv Universitetet i Oslo i ei pressemelding i dag. Jon Sudbø, som har hovudstilling som overlege ved Radiumshospitalet,er for tida sjukmeldt etter at det blei avslørt at han hadde brukt feil data i ein forskingsartikkel han hadde publisert i det velrenommerte vitskaplege tidsskriftet The Lancet i oktober i fjor.

Avsløringa tidlegare i år blir rekna som Noregs største og ei av verdas største forskingsskandalar. Ein granskingskommisjon leidd av den svenske medisinprofessoren, Anders Ekbom frå Karolinska Institutetet i Sverige, skal leggja fram konklusjonen sin 1. april. Dei skal først og fremst finna fram til og gå gjennom alle dei faktiske forholda rundt den omtalte forskingsartikkelen til Jon Sudbø.
I tillegg har kommisjonen fått i oppdrag å vurdera anna forsking og andre forhold som kommisjonen meiner har tilknyting til denne saka. Kommisjonen ser dessutan på kva rolle medforfattarane har hatt i samband med publiseringa av den vitskaplege artikkelen til Jon Sudbø.
Førebels har kommisjonen funne ut at ingen av medforfattarane har lese gjennom artikkelen før den kom på trykk i The Lancet, melder VG i dag. I fylgje Vancouver-konvensjonen frå 1997, som gir retningslinjer for rolla til medforfattarane, er eit av kriteria som må oppfyllast for å kunna stå som medforfattar, at vedkomande har lese gjennom artikkelen.
Sjukehusdirektør Åge Danielsen ved Rikshospitalet/Radiumhospitalet er svært kritisk til sitt eige foretak i den seks sider lange forklaringa han sende til Helsetilsynet i Oslo og Akershus denne veka.
- Dersom sjukehuset hadde hatt ein rutine for å gå gjennom manuskript før innsending til tidsskrift der blant anna dei formelle krava blei gått gjennom, ville desse forholda vore avdekka, skriv direktøren i brevet, melder VG.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere