Avtalen gir Universitetet i Oslo rett til å overta alle rettar til arbeidsresultat som blir brakt fram av arbeidstakaren, og arbeidstakaren har samtidig rett til godtgjering frå UiO. Men avtalen gjeld berre arbeidsresultat som har samanheng med arbeidstakaren sitt tilsetjingsforhold til universitetet.
Når det gjeld kva arbeidsresultat kan vera, blir det i framlegget til avtale lista opp oppfinningar, som det både kan og ikkje kan takast patent på, annan teknologi som har potensial for næringsmessig utnytting, til dømes praktiske løysingar, tekniske prinsipp og kompetanse, vitskapleg og merkantil informasjon og forretningskonsept. Også databasar og dataprogram, plantesortar og kretsmønster for integrerte kretsar skal inkluderast i definisjonen av arbeidsresultat.
I tillegg skal fysiske gjenstandar av organisk eller uorganisk eller biologisk materiale og materiale som er eit resultat av UiOs investeringar, omfattast innan omgrepet arbeidsresultat.
UiOs overtaking av desse rettane avgrensar ikkje arbeidstakar eller andre sine rettar etter patentlova eller åndsverklova til å nytta arbeidsresultata i vidare forsking. I hovudsak omfattar heller ikkje avtalen resultat som er verna av opphavsretten. Universitetsdirektøren ber styret om å vedta dette avtaleforslaget.
Drøftar valevaluering
Styret skal også drøfta evalueringsrapporten om rektorvalet og styrevalet i 2005. Som Uniforum allereie har skrive, konkluderer rapporten med at planlegginga av vala ikkje var god nok og at dette til dels skuldast uklar ansvarsfordeling. Difor kjem evalueringsgruppa med tilrådingar om å organisera valet betre og om å innføra elektronisk val. Dessutan rår gruppa til at det blir utarbeidd ei valhandbok med ordningar og røynsler frå tidlegare val. Det blir også rådd til å foreslå presiseringar og endringar i valreglementet der det er behov for det, for seinare handsaming i styret.
I saksdokumentet lovar universitetsdirektøren å sikra at ansvars- og arbeidsdelinga mellom dei ulike aktørane til neste val blir tatt vare på på ein tilstrekkeleg måte. Universitetsdirektør Hanne Harlem viser til at det allereie er under førebuing ein overgang til eit elektronisk valsystem som det skal gjerast forsøk med hausten 2006. Det skal også utarbeidast skriftlege rutinar og ordningar til bruk ved framtidige val, lovar universitetsdirektøren, som ber styret om å ta evalueringsrapporten og universitetsdirektørens orientering om oppfylging til orientering.
Universitetsstyret skal også ta stilling til eit forslag om å setja ned eit eige utval som skal sjå på vidareutvikling av den interne finansieringsmodellen på UiO. Dessutan skal styret drøfta budsjettdokumentet 2005-2007 og skal godkjenna årsrekneskapen for 2005 for vidaresending til Kunnskapsdepartementet og Riksrevisjonen.
Bak stengde dører skal styret også tilsetja ein ny assisterande universitetsdirektør etter Inger Stray Lien, som har takka ja til nye arbeidsoppgåver i Sentraladministrasjonen. Bjørnar Sarnes har fungert som assisterande universitetsdirektør sidan mai i fjor.
Logg inn for å kommentere