Deretter kjem Universitetet i Helsingfors og Linköpings universitet, som gjer det best av dei nordiske universiteta. På tredjeplass i Norden og på tolvteplass i Europa kjem altså Universitetet i Oslo.
Den nyoppretta rankinglista heiter Webometrics og blir publisert av den spanske forskargruppa Internet Lab. Den er knytt til Spanias forskingsråd og informasjonssenter om forsking og utdanning. Når rankinglista blir sett opp, blir det tatt mest omsyn til kor mange forskingsartiklar kvart universitet har tilgjengeleg på Internett. Undersøkinga tar atterhald når det gjeld plasseringa til Universitetet i Helsingfors fordi det har fleire felles domene med Helsingfors by.
På verdsrankinga kjem amerikanske og kanadiske universitet på dei 22 øvste plassane, før det første europeiske universitetet, University of Cambridge, dukkar opp på 23. plass.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere