Ny rekord i doktorgradar på UiO
I 2005 blei det gjennomført 855 doktordisputasar ved norske universitet og høgskular, melder Doktorgradsregisteret ved NIFU-STEP. 319 av dei blei gjort på Universitetet i Oslo, som dermed aukar talet på doktorgradar med 53 i høve til 2004, då det blei tatt 266 doktorgradar på UiO.

Også NTNU i Trondheim har auka talet på doktorgradar, medan Universitetet i Bergen opplevde ein stagnasjon, og Universitetet i Tromsø fekk ein solid nedgang i fjor. Universitetet for miljø- og biovitskap auka talet på doktorgradar med ni til 49 i 2005. På landsbasis blei det tatt ni prosent fleire doktorgradar i 2005 i høvet til året før. Den største auken fann stad i medisin og i matematikk og naturvitskap. Hovuddelen av dei medisinske doktorane hadde ikkje-medisinsk grunnutdanning.
Kvinnene utgjorde 40 prosent av dei som tok doktorgraden, det same som i toppåret 2002. I landbruksfag og veterinærmedisin stod kvinnene for vel 60 prosent av doktorgradane i 2005, medan det var om lag like mange kvinner som menn som tok doktorgrad i humaniora, samfunnsvitskap og medisin.
I naturvitskap utgjorde kvinnene 30 prosent og i teknologi 18 prosent av doktorane. I begge desse fagområda har talet på kvinner gått ned i 2005 i høve til 2004. Den nye graden Ph.d. dominerer no hos doktorane, og den vil etter kvart også bli einerådande. Dr.philos-graden er den einaste av dei gamle gradane som framleis vil eksistera, når alle dei andre blir utfasa i løpet av 2008.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere