Supergåve frå Supermann

UiO-forskarane Joel Glover og Marie Claude Perreault får ein million kroner i støtte til ryggmargsforskinga si frå stiftinga til Christopher Reeve, den avdøde skodespelaren som slo gjennom som Supermann og enda opp i rullestol etter ei rideulykke. - Pengane gir oss høve til å tilsetja ein ekstra forskar, seier Joel Glover og Marie Claude Perreault til Uniforum.

SUPERGÅVE: UiO-forskarane Joel Glover og Marie Claude Perreault er glade over supergåva på 1 million kroner frå Christopher Reeve-stiftinga.
Foto: Ola Sæther

Medisinske forskarar har i over 100 år granska ryggmargen for å finna ut korleis den fungerer og korleis det kan vera mogleg å reparera skader i ryggmargen. Dei siste par åra er denne forskinga komen mange sjumilssteg lenger enn på alle dei 100 åra før. Den 14 personar store forskargruppa til Joel Glover og Marie Claude Perreault ved Avdeling for fysiologi på Det medisinske fakultetet, brukar metodar som kan gi endå større framsteg.

Undersøkjer 100 nerveceller samtidig

- Metodane som me brukar, blir kalla for funksjonell biletbehandling. Dei kan kombinerast med avanserte elektrofysiologiske framgangsmåtar. Det gjer at me kan undersøkja opp til 100 nerverceller i ryggmargen samtidig, medan forskarane tidlegare brukte masse tid på berre å undersøkja kvar einskild nervecelle om gongen. Dermed blir det lettare for oss enn det var for dei å kartleggja nervecellene i ryggmargen og finna ut korleis dei er kopla saman og om det vil vera mogleg å reparera koplingane etter skade, fortel Glover og Perreault.

Ei ekstra forskarstilling

Dei trur at pengane frå Christopher Reeve-stiftinga kan gjera det lettare å få finansiert vidare forsking på dette.

- Ja, det er viktig for oss å få finansiert ei ekstra forskarstilling. Og det viser dessutan at forskinga vår blir verdsett på eit høgare nivå. Me får sjølvsagt også økonomisk støtte både frå Universitetet i Oslo, Forskingsrådet og EU, men dette bidraget kjem godt med, synest Glover. Han viser til at ryggmargsforskinga kan finna ut ting som forskarane tidlegare var svært langt frå å oppdaga.

- Me er difor ikkje dei første som har forska på desse tinga, men dei metodane som dei brukte tidlegare hadde for mange manglar. I forskinga vår brukar me genetiske metodar for å undersøkja bestemte grupperingar av nerveceller som styrer ulike funksjonar i kroppen. Enkelte av desse er med på å kontrollera gang og rørsle, medan det finst andre grupperingar av nerveceller som styrer urinblærefunksjonen og den seksuelle funksjonen. For mange ryggmargspasientar er det viktigare at dei to sistnemnde tinga fungerer, enn å koma seg ut av rullestolen. Me kan også undersøkja desse nervecellene, men me har førebels konsentrert oss om nervecellene som styrer gang og rørsle, fortel Glover og Perreault.

- Mus og menneske har ganske lik ryggmarg

Forskinga går føre seg gjennom å ta ut ryggmargen til mus, halda den i live i eit spesielt kammer under eit mikroskop, og kjøra dei avanserte biletbehandlingsmetodane medan nervecellene er aktive. Deretter blir aktiviteten analysert med hjelp av datamaskiner slik at forskarane kan kartleggja kvar einskild nervecelle i forhold til dei andre.

- Oppbygginga av ryggmargen er faktisk ganske lik hos menneske og mus. Difor brukar me mus som forsøksdyr i denne forskinga. Fordi gang- og rørslesystemet ligg i ryggmargen og til dels kan vera intakt hjå ryggmargspasientar, vil forskinga vår kunna koma med viktig informasjon om korleis systemet kan reaktiverast etter skade, seier Perreault. Av dei 14 som deltar i forskargruppa, er det berre ein nordmann. Dei andre kjem frå Nord-Amerika, Japan, Afghanistan og Europa.

- Dette fører til at me har eit internasjonalt forskarnettverk som få andre forskargrupper kan måla seg med. Difor står me i kontakt med dei beste ryggmargsforskingsmiljøa i verda, konstaterer Glover. Sjølv kjem han frå USA, medan Perreault kjem frå Quebec i Canada.

- Det har berre vore positivt å arbeida saman med forskarar frå så mange ulike nasjonar, er dei einige om.

Emneord: Forskning, Medisin Av Martin Toft
Publisert 15. feb. 2006 13:46 - Sist endra 10. des. 2008 15:54
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere