Kansellisjef Egil Vindorum overraska alle då han gjorde kjent at Arild Karsten Underdal var utnemnd til Kommandør av St. Olavs Orden. Mellomnamnet Karsten var ein løyndom som Underdal heller ikkje hadde delt med tidlegare rektor Lucy Smith, som han var prorektor for i perioden 1993-95.
Bakgrunnen for å heidra Underdal, var både forskingsverksemda
og dei offentlege verva hans.
Kansellisjef Egil Vindorum trekte fram korleis Underdal som
ekspert på internasjonal politikk hadde vore med på å utforma
ein teori om internasjonale forhandlingar og om etterlevinga
av internasjonale avtalar. Han viste også til
doktoravhandlinga hans om fiskeripolitikk og fiskeressursar.
I tillegg blei det peika på alle dei vitskaplege arbeida hans om internasjonal klimapolitikk. Også oppdraget som leiar for den offentlege utgreiinga om etableringa av NTNU i Trondheim og vervet som nestleiar i hovudstyret for Noregs forskingsråd, blei trekte fram som grunngjeving for å tildela han denne æra. Sjølvsagt blei det lagt vekt på verva som både prorektor (1993-95) og som rektor (2002-2005) ved Universitetet i Oslo.
Etter at kansellisjef Egil Vindorum hadde lese opp grunngjevinga, kunne kansellist Thomas Gram festa ordenen rundt halsen på Arild Underdal til stor applaus frå dei inviterte gjestene. Blant dei var tidlegare rektor Lucy Smith.
- Absolutt på tide
- Det var hyggeleg og absolutt på tide at du blei utnemnd til Kommandør av St. Olavs Orden. Forholdet mellom oss starta brått og slutta brått, men varte i tre år. Det første semesteret av rektorperioden vår, måtte du vikariera som rektor, og det gjorde du så godt at eg tykte at du eigentleg berre kunne halda fram med det. Men då gjekk du inn i prorektorrolla og var ei stor støtte for meg som rektor. Du var aldri opptatt av å framheva deg sjølv. Det var mykje meir turbulens i rektorperioden din, enn det var i vår felles rektorperiode. Men eg synest det har vore fint å ha deg som rektor i desse åra, slo ho fast.
- Klok og klar
Arild Underdals prorektor Anne-Brit Kolstø drog fram Arild
Underdals evne til nytenking og til å lytta.
- Me trefte kvarandre for første gong over ein kopp kaffi i
kantina i Forskingsparken for fem år sidan. Då var eg ikkje i
tvil om at me ville bli eit godt tospann. Eg reknar deg som
ein klok og klar person som har forståing for ulike
eigenartar. I problemløysingsfeltet kjem innsikta og
klokskapen din vel med, og desse evnene dine, har ikkje
universitetet utnytta godt nok. Eg reknar med at det framleis
finst problem på UiO der desse evnene vil koma til sin rett,
konstaterte ho.
- Stikk seg ikkje fram
Vennen og professorkollegaen Ole Berg ved Institutt for
helseleiing og helseøkonomi, trekte fram leiareigenskapane
til Underdal.
- Det er ein person som ikkje prøver å stikka seg fram, men
han blir oppdaga av andre. Han er faktisk ein person som
andre gjerne vil lata seg leia av, meinte han.
- Engasjement og kreativitet
Til slutt fekk Underdal sjølv ordet. Først fortalde han at det var mange gonger han var på veg heim ein sein sommarkveld og hadde lagt merke til alle småbåtane og seglbåtane ute på Oslofjorden.
- Av og til tenkte eg at det kanskje hadde vore fint å ha vore der ute saman med dei. Men like ofte tenkte eg: Kva i all verda gjer dei no der? flirte han, før han takka for støtta og samhaldet han hadde fått hos kona si, Else Underdal og dottera si. Samtidig var han glad for at han nettopp hadde blitt bestefar til eit barn, som også var til stades under utdelingsseremonien. Underdal tykte det hadde vore fint både å vera rektor og prorektor ved Universitetet i Oslo.
- Eg har heile tida møtt menneske med sterkt engasjement og stor kreativitet, mintest han, og han gav tydeleg uttrykk for at han likte å venda tilbake til Institutt for statsvitskap som vanleg professor.
- Men det var litt rart å oppleva at det første brevet eg får frå kontorsjefen, er eit tilbod om eit kurs i førebuing av pensjonsalderen, humra han, før han bad kansellisjefen om å takka Hans Majestet kong Harald V for utnemninga.
Logg inn for å kommentere