Føler seg utnytta av NRK

- Eg føler meg både mållaus og snytt. Det seier masterstudent Anne-Liv Gamlem ved Institutt for kulturstudium og orientalske språk etter at Laurdagsrevyen presenterte ein reportasje om sambandet mellom imam Mehboob ur-Rehman i Islamsk Råd og den islamistiske rørsla i Pakistan, som si eiga avsløring, medan store delar av reportasjen var basert på opplysningar ho hadde gitt til reporter Anders Magnus. Anne-Liv Gamlem blei aldri gitt opp som kjelde for desse opplysningane.

FREKT: - Eg synest det er både frekt og umoralsk av Dagsrevyen å framstilla noko for å vera eins eige produkt utan å visa til dei kjeldene dei har brukt, synest Anne-Liv Gamlem.
Foto: Martin Toft

NRK-Laurdagsrevyen hadde 18. februar ein reportasje om det tette sambandet mellom imam Mehboob ur-Rehman i Islamsk Råd og den islamistiske rørsla i Pakistan.

- Denne reportasjen kom utan tvil i stand på grunn av innlegget mitt i Aftenposten 9. februar, der eg avslørte at imam Ur-Rehman og moskeen hans, Islamic Cultural Centre spreier skriftene til den pakistanske islamisten Sayid Abul Ala Mawdudi (1903-1979), som eg vil kalla for Pakistans svar på Ayatollah Khomeini, fortel Anne-Liv Gamlem til Uniforum.

Ho understrekar at ho i innlegget også viser til at det var den moskeen som var vertskap for Qasi Hussein Ahmed, leiaren for det islamistiske partiet Jaamat-e-Islami, då han besøkte Noreg i 2004, og blant anna hadde eit møte i Helga Engs hus på Blindern. Anne-Liv Gamlem snakkar urdu og har også studert både arabisk og hebraisk og har bak seg lengre opphald både i India, Pakistan og Storbritannia.

Skriv masteroppgåve om Mawdudi

- Eg har arbeidd med skriftene til Mawdudi og pakistansk islamisme i eitt og eit halvt år i samband med masteroppgåva mi om Mawdudi og synet hans på menneskerettane i den islamske staten, fortel ho. Det er først og fremst synet hans på kva rettar ikkje-muslimar eller dhimmis skal ha i den islamske staten, ho konsentrerer seg om. Gamlem fortel at ho fekk telefonar frå Anders Magnus i Dagsrevyen både den 13. og den 14. februar der han bad om eit intervju med henne.

- Han gav meg også i oppdrag å omsetja ein del sitat frå Mawdudis skrifter. Den 15. februar kom han heim til meg og gjorde eit intervju med meg og i tillegg filma kameramannen fleire av Mawdudis mest kontroversielle tekstar og skrifter. Dei norske utgåvene av skriftene hans har logoen til Islamic Cultural Centre på forsida. Dessutan gav eg han namnet til den amerikanske forskaren Ann Elizabeth Mayer fortel ho.

- Vonbroten

Gamlem var difor spent då ho sette seg ned for å sjå reportasjen i Dagsrevyen 18. februar.

- Eg blei svært vonbroten for intervjuet med meg var ikkje tatt med, men det verste var at det heller ikkje var tatt med at avsløringane i reportasjen i stor grad var basert på dei opplysningane eg hadde henta inn i arbeidet med masteroppgåva mi. Han fekk blant anna eit upublisert innlegg eg hadde skrive til Aftenposten. Til gjengjeld fekk eg også opplysningar om ei nettadresse eg ikkje kjende til, det vil eg ikkje underslå, fortel ho.

- Kva synest du om ein slik framgangsmåte?

- Eg synest det er både frekt og umoralsk å framstilla noko for å vera eins eige produkt utan å visa til dei kjeldene som har gitt dei mesteparten av opplysningane som blei brukte i reportasjen, synest ho. Ho har også rekna ut at ho til saman har brukt fem timar på å hjelpa Dagsrevyen med å omsetja tekstar og finna fram til relevante nettstader. I tillegg var dei heime hos henne i to timar.

- Eg har sendt ein e-post til Anders Magnus og kravd betaling for omsetjingsarbeidet eg gjorde for dei. Den har eg enno ikkje fått noko svar på. Pengane er eigentleg ikkje viktige, men det er prestisjen med å få presentert opplysningar frå arbeidet med masteroppgåva mi i Dagsrevyen. Eg hadde absolutt venta ei anna framferd av ein statleg institusjon som NRK, seier ho.

- Du er sjølv aktiv i Forum mot islamisering og er framleis medlem i Kristent Samlingsparti. Er du ikkje redd for at det kan øydeleggja truverdet til forskinga di på Mawdudi og synet hans på menneskerettane i den islamske staten?

- Avsløringane av Mawdudi er eg ikkje åleine om, viser det seg. Ja, eg er framleis med i Kristent Samlingsparti, men me fekk eit nytt og mindre kontroversielt partiprogram i 2004 etter ein del omskiftingar i partiet. Som islamkritikar ynskjer eg å vera saman med likesinna, sjølv om det nokre gonger kan vera ei ulempe. Me jobbar no med å gjera Forum mot islamisering meir seriøst. Forsking berre for forskinga si eiga skuld blir for keisamt for meg, synest ho.

Anne-Liv Gamlem vurderer no å senda ei klage til Pressas Faglege Utval.

- Gamlems innlegg var idégivande

Nyhenderedaktør Grethe Gynnild Johnsen i NRK Fjernsynet vedgår i ein e-post til Uniforum at utgangspunktet for reportasjen i Laurdagsrevyen var Gamlems innlegg i Aftenposten.

- Det er heilt korrekt at Anne Liv Gamlems lesarinnlegg i Aftenposten 9. februar også var idégivande for reportasjen i Laurdagsrevyen 19. februar - etter at VG hadde trykt eit sitat frå replikken hennar i ein side 2-kommentar laurdag 11. februar (Versto på en lørdag). I tillegg til henne har me andre kjelder. Det er ofte slik saker kjem i stand, understrekar Johnsen. Ho viser til at dei har brukt eit sitat av den pakistanske islamisten Sayyid Abul Ala Mawdudi der han seier har muslimane er i ein klasse over dei vantru. Det har dei henta frå replikken til Gamlem i Aftenposten.

- I tillegg har vi brukt andre sitat frå skriftene til Mawdudi som er formidla til oss av den amerikanske professoren Ann Elizabeth Mayer ved University of Pennsylvania, som me sjølve har vore i kontakt med på e-post og telefon. Desse sitata har Gamlem fått av Magnus, skriv ho.

- Anders Magnus brukte Gamlem først og fremst som kjelde i sin eigen research. Det er jo ikkje vanleg å gi opp alle kjeldene sine i så måte. Han gjorde også eit intervju med henne. Tilliks med andre intervju i denne saka blei heller ikkje dette intervjuet brukt, slår ho fast og viser til at Gamlem blei gjort merksam på at det var svært sannsynleg at intervjuet ikkje ville bli nytta.

- Det er sjølvsagt leit at Gamlem føler at ho ikkje får kreditt for arbeidet ho har gjort med sitata. Hovudfokuset i reportasjen vår var kontakten mellom ein av dei norske imamane som var med på ein "meklingsmisjon" til Pakistan og eitt av dei mest radikale islamistiske partia, skriv ho.

Når det gjeld honorar for omsetjingane som Gamlem gjorde for NRK, reknar ho med at Anders Magnus og ho avklarar det seg i mellom.

Emneord: Pakistan, Islam, Forskning Av Martin Toft
Publisert 21. feb. 2006 14:05 - Sist endra 10. des. 2008 15:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere