Februar

Publisert 28. feb. 2005 16:16

Utdannings- og forskningsminister Kristin Clemet (H) leid som venta eit nederlag i Stortinget måndag då Odelstinget vedtok ny lov om universitet og høgskular, melder ntb. Regjeringa ynskte opphavleg ein obligatorisk styringsstruktur som ville ha ført til at rektorane ikkje ville ha kunna sete i styret anten dei var valde eller tilsette.

Publisert 28. feb. 2005 10:36

Et tungt, dystert og belastet hus har åpnet seg opp og sluppet lyset inn. I Villa Grande på Bygdøy er det like fullt erindringene om det mørkeste i vår historie som skal bo.

Publisert 25. feb. 2005 15:53

- Eg kjenner meg svært rørt over å få oppleva ei slik ære i min vanvittige alder. Det vil eg aldri gløyma den korte tida eg har igjen å leva. Det sa filosofiprofessor Arne Næss fredag 25. februar etter at var utnemnt til Kommandør med stjerne av Den Kongelege Norske St Olavs Orden. Han får ordenen for den store samfunnsnyttige innsatsen sin. Seremonien fann stad i Administrasjonsbygningen til Universitetet i Oslo.

Publisert 24. feb. 2005 11:09

- Eg føler ikkje dette som noko nederlag. Det seier utdannings- og forskingsminister Kristin Clemet i eit eksklusivt intervju med Uniforum etter at fleirtalet i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen gjekk inn for ein annan modell for toppleiinga ved universiteta og høgskulane enn den regjeringa foreslo.

Publisert 23. feb. 2005 15:21

Denne veka byrjar Göteborgsselskapet Metimur skanninga av Osebergskipet i Vikingskipshuset. - Det vil vera til hjelp for dei som skal vurdera om det er mogleg å flytta vikingskipet til eit nytt museum på Sørenga, fortel arkeolog Knut Paasche til Uniforum.

Publisert 23. feb. 2005 11:19

- Forskarar kan koma med meir kunnskapsbaserte og meir velfunderte spørsmål til debattantane enn studentar. Difor oppfordrar me dei til å koma på debattmøta våre, seier formann Øistein Svelle og kulturutvalsleiar Eirik Bjørge i Det Norske Studentersamfund.

Publisert 23. feb. 2005 10:21

Det prestisjefylte EU-programmet Marie Curie Chair , ble utlyst for første gang i 2003. Blant åtte søkere fra hele verden som slapp gjennom nåløyet, var den belgiske jusprofessoren Nicolas de Sadeleer . Han søkte om støtte til et opphold ved Institutt for offentlig rett ved Universitetet i Oslo.

Publisert 22. feb. 2005 15:15

Forskningsrådet gir 112,5 millioner til sju forskningsledere ved Universitetet i Oslo. Seniorforsker Ole A. Andreassen ved Insitutt for psykiatri har fått over 20 millioner kroner til å studere mekanismene bak alvorlige sinnslidelser. Historieprofessor Helge Ø. Pharo har fått penger til et prosjekt om den norske fredstradisjonen.

Publisert 22. feb. 2005 11:11

- Dette var ei gledeleg og uventa overrasking som me ikkje hadde fått noko som helst forvarsel om. Det seier dei to nevromedisinske forskarane Jon Storm-Mathisen og Ole Petter Ottersen ved Det medisinske fakultetet, UiO etter at dei er tildelte Lundbeckfondens nordiske forskarpris for 2005. Prisen er på 1,5 millionar danske kroner.

Publisert 21. feb. 2005 16:17

Det blir debatt om både EU og statskyrkja under Humanioradagane i Oslo 2.-6. mars 2005. - Me vil sjå på Sveriges EU-røynsler ti år etter at landet blei med i unionen, seier komitéleiar Ole Kristian Grimnes . Svenske og norske forskarar skal då drøfta alle sider ved forholdet mellom Noreg og Sverige.

Publisert 18. feb. 2005 12:28

Fredrikstad kommune vil ha bygningene som huser UiOs arkeologiske feltstasjon tilbake. - Vi har forpliktelser overfor fagmiljøene og gir ikke slipp på tilhørigheten Isegran, fastslår teknisk direktør Frode Meinich.

Publisert 17. feb. 2005 15:05

Fem av dei sju nye institutta på HF har fått tilsette instituttleiarar. Det er klart etter at Universitetstyret måndag 14. februar vedtok tilrådinga frå fakultetsstyret. Ved Institutt I blir det truleg val på ny instituttleiar i løpet av kort tid. For Institutt VII er det enno ikkje funne kvalifiserte leiarkandidatar. Dermed blir stillinga lyst ut på nytt.

Publisert 17. feb. 2005 14:46

Dei sju institutta på HF har fått erstatta talnamna med meir forståelege namn. Det er klart etter at Universitetsstyret gav den endelege velsigninga si måndag 14. februar.

Publisert 17. feb. 2005 12:59

Forskingsrådet formidlar forskingsresultat frå dei handlingsretta forskingsprogramma for dårleg. Det slår Riksrevisjonen fast etter at den har funne fleire veikskapar i Forskingsrådets styring og drift av desse forskingsprogramma. Dette kan ha vore årsaka til at forskingsresultata ikkje har kome brukarane av programforskinga til gode i stor nok grad, heiter det i konklusjonen.

Publisert 15. feb. 2005 12:18

HF-fakultetet ved Universitetet i Oslo er rangert som verdas sekstande beste humanistiske fakultet i utdanningsbilaget til avisa The Times frå 4. februar. I Europa ligg HF på femteplass medan det blir rekna som det beste humanistiske fakultetet i Norden. - Dette er flott og eg sender mine beste gratulasjonar, seier rektor Arild Underdal til Uniforum.

Publisert 14. feb. 2005 13:37

Den 14. februar vedtok et enstemmig universitetsstyre å gi redaktørene i Apollon og Uniforum fullmakt til å redigere UiO-publikasjonene etter bestemmelsene i Redaktørplakaten.

Publisert 14. feb. 2005 12:23

Rektorvalet og valet på nytt styre blir utsett til hausten. Det vedtok Universitetsstyret med 10 mot ei stemme i føremiddag. Styremedlem Kristian Gundersen var den einaste som røysta mot framlegget frå konstituert universitetsdirektør Inger Stray Lien.

Publisert 11. feb. 2005 16:52

Fleirtalet i Universitetsstyret kjem truleg til å stemma for å utsetja rektorvalet til hausten. Det viser ei rundspørjing som Uniforum har gjort. K Kristian Gundersen er den einaste representanten som tar eit klart standpunkt mot forslaget.

Publisert 11. feb. 2005 15:24

Universiteta og høgskulane skal sjølve få bestemma om dei vil ha valt eller tilsett rektor. Ein valt rektor skal også vera leiar for Universitetsstyret. Det går fleirtalet i KUF-komiteen inn for i innstillinga om ny lov om universitet og høgskular. Innstillinga blir no oversendt Odelstinget som gjer endeleg vedtak 28. februar. Rektor Arild Underdal synest modellen til fleirtalet vil svekka rolla som valt rektor.

Publisert 10. feb. 2005 14:58

Regjeringen bevilger til sammen 195 millioner kroner til ulike prosjekter som skal fremme nyskaping, innovasjon og forskning rundt om i landet, melder ntb. Norges forskningsråd får 35,5 millioner kroner. Av dette går 12,5 millioner kroner til å kommersialisere forretningsideer som er blitt til gjennom forskning og utvikling i det såkalte FORNY-programmet.

Publisert 10. feb. 2005 14:21

Dei sju institutta på HF har fått erstatta talnamna med meir forståelege namn. Universitetsstyret skal gjera endeleg vedtak i namnesaka på måndag etter at fakultetsstyret ved HF kom med si tilråding onsdag 2. februar.