HF-fakultetet er i verdstoppen

HF-fakultetet ved Universitetet i Oslo er rangert som verdas sekstande beste humanistiske fakultet i utdanningsbilaget til avisa The Times frå 4. februar. I Europa ligg HF på femteplass medan det blir rekna som det beste humanistiske fakultetet i Norden. - Dette er flott og eg sender mine beste gratulasjonar, seier rektor Arild Underdal til Uniforum.

HF I VERDSTOPPEN: - Eg er kjempeglad og audmjuk og det er ei skikkeleg oppmuntring for HF å få ein så god attest, synest dekan Bjarne Rogan.
Foto: Ola Sæther

Det er altså det velrenommerte utdanningsbilaget til avisa The Times, The Times Higher Educational Supplement, som kårar Det humanistiske fakultetet (HF-fakultetet) ved UiO til verdas sekstande beste humanistiske fakultet. I Europa-ligaen ligg det altså på femteplass medan det blir rangert som det aller beste av dei humanistiske fakulteta ved dei nordiske universiteta. På toppen av lista ligg Harvard University, Oxford University og Berkeley-universitetet i California.

- Dette er svært hyggeleg for humaniora-faga ved UiO. No gjeld det berre å slå London School of Economics og Sorbonne-universitetet i Paris, slik at fakultetet kan ta ein medaljeplass i Europa på neste rangering, seier rektor Arild Underdal med eit smil.

Også HF-dekan Bjarne Rogan er sjølvsagt nøgd med desse plasseringane.
- Eg er kjempeglad og audmjuk og det er ei skikkeleg oppmuntring for HF å få ein så god attest. Me har hatt ein mistanke om at me er ganske gode, og det er svært hyggeleg å få det stadfesta frå autorativt hald. Eg forstår det slik at evalueringa byggjer på forskingsresultat. Med den nye organisasjonsstrukturen vår, kombinert med ein forskingsplan og ein handlingsplan for ph.d.-studiet, burde me kunna halda denne skansen. Dette gir oss all mogleg grunn til å sjå framtida lyst i møte, trur Rogan.

SV-fakultetet på 92. plass
I same utgåve av avisa er det også ein oversikt over dei best samfunnsvitskaplege fakulteta i verda. På den statistikken kjem ikkje UiO like godt frå det. SV-fakultetet kjem på delt 92. plass på verdsrangeringa, medan det kjem på 31.plass i Europa og på femteplass i Norden. Også her er det Harvard University som ligg på topp, men det blir tett fylgd av London School of Economics og Berkeley-universitetet i California.

- Denne statistikken var litt skuffande. Etter gode europeiske evalueringar av både statsvitskap og økonomifaget, hadde eg trudd at SV-fakultetet hadde skåra høgare på denne rangeringa, vedgår Underdal.

Vurderinga av desse fakulteta er gjort av eit eige fagfelleutval sett ned av The Times. Lista er dominert av nordamerikanske og britiske universitet, men andre europeiske land er representerte med eit fakultet kvar. Men også HF-fakultet i Australia, Kina, Japan, Hong Kong og Singapore er med på lista over dei 50 beste. Nasjonaluniversitetet i Mexico (UNAM) ligg på 25. plass på lista, som den einaste institusjonen utanfor Europa, Nord-Amerika og Asia.

Emneord: HF: nytt institutt for språk Av Martin Toft
Publisert 15. feb. 2005 12:18 - Sist endra 10. des. 2008 15:10
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere