Universiteta kan få velja rektor

Universiteta og høgskulane skal sjølve få bestemma om dei vil ha valt eller tilsett rektor. Ein valt rektor skal også vera leiar for Universitetsstyret. Det går fleirtalet i KUF-komiteen inn for i innstillinga om ny lov om universitet og høgskular. Innstillinga blir no oversendt Odelstinget som gjer endeleg vedtak 28. februar. Rektor Arild Underdal synest modellen til fleirtalet vil svekka rolla som valt rektor.

REKTORROLLA SVEKKA: - Innstillinga til komitéfleirtalet vil svekka rolla som valt rektor, synest rektor Arild Underdal.
Foto: Ola Sæther

Det er truleg punktet om at institusjonane sjølve skal få bestemma om dei vil ha valt eller tilsett rektor som vil vekkja størst glede blant forskarane og dei andre medlemane til dei største fagforeiningane på universiteta og høgskulane.

Fleirtalet i komiteen, altså Arbeidarpartiet, SV, Sp og Framstegspartiet, meiner at det er institusjonane og ikkje departementet som skal bestemma dette. I dei tilfella der universitetsstyret vedtar at institusjonen skal ha tilsett rektor, vil Utdannings- og forskingsdepartementet peika ut ein av dei ekstern representantane til å leia styret.
Men der styra går inn for at rektor skal veljast, skal rektor også vera styreleiar, understrekar fleirtalet i komiteen.

Det same fleirtalet går inn for at eit styre kan endra leiingsmodell eller styringssamansetjing, dersom to tredelar, det vil seia sju av elleve medlemar, stemmer for det. Så dersom eit universitetsstyre tidlegare har stemt for ei ordning med valt rektor, kan det vedtaket opphevast dersom to tredelar av eit styre stemmer for ein annan modell.

Ingen ny obligatorisk styringsstruktur

Det er derimot ein samla kyrkje-, utdannings- og forskingskomité som står bak konklusjonen om at det ikkje er behov for ein ny obligatoriske styringsstruktur for statlege universitet og høgskular. Ein slik styringsmodell kunne ha avgrensa valfridomen til desse institusjonane. Når det gjeld gratisprinsippet, så går eit fleirtalet inn for at det skal gjelda i dei aller fleste tilfelle. Mot SVs og Sps medlemar i komiteen gjekk fleirtalet inn for at institusjonane kan ta seg betalt for nettbaserte kurs og for etter- og vidareutdanning.

- Forsvarar den akademiske fridomen

- Eg synest me har kome langt i riktig retning, seier komitéleiar Rolf Reikvam (SV) til Uniforum.

-Komitéfleirtalet har klart å forsvare den akademiske tradisjonen og den akademiske fridomen til desse utdanningsinstitusjonane. Me har altså ikkje bøygd kne for den såkalla "New Public Management" og den clemetske haldninga om at institusjonane må frigjerast frå staten, understrekar han. Han meiner at komitéfleirtalet har vist at dei forstår skilnaden på akademiske institusjonar og andre delar av styringsverket.

- Dei er frie og autonome institusjonar som ikkje kan underleggjast marknaden og kreftene sine frie spel, meiner Reikvam.

Ikkje fullstendig gratisprinsipp

Han er likevel ikkje heilt nøgd sidan gratisprinsippet ikkje gjekk langt nok.

- Der skilte Arbeidarpartiet lag med SV og Sp og stemte saman med representantane til regjeringspartia. Dermed kan institusjonane ta betaling for nettbaserte kurs og for vidare- og etterutdanning. SV og Sp ville avgrensa ordninga til at universiteta og høgskulane berre skulle kunna ta betaling for kurs spesielt tilpassa næringslivet. Rolf Reikvam varslar også at SV og Sp ynskjer ei eiga sak i Stortinget om kva studietilbod institusjonane kan få lov til å be om betaling frå studentane.

- Me ynskjer å trekkja opp grensene for kva institusjonane kan ta seg betalt for. I dag er det for mange gråsoner. Dersom me får avklart dette i Stortinget, vil departementet få klare føringar på kva føreskrifter dei kan halda seg til, meiner Reikvam.

Positiv og skeptisk UiO-rektor

Rektor Arild Underdal ved UiO ser både positive og mindre positive endringar i innstillinga til fleirtalet.

- På den positive sida vil eg framheva at komiteen opnar for at den enkelte institusjon også kan velja å halda fast ved dagens styringsmodell, og at komiteen tar initiativ til å få greidd ut ei lovfesting av faglig fridom for kvar enkelt forskar og ikkje berre for universitetet som institusjon. Mindre glad er eg over at den styringsmodellen komiteen legg fast som "default option" ser ut til å innebera ei svekking av rolla som valt rektor, og gir dei institusjonane som vel rektor ganske avgrensa handlingsrom når det gjeld å organisera den sentrale leiinga, seier Underdal i ei pressemelding frå UiO.

Dessutan stussar han over at lova gir Universitetsstyret høve til å endra styresamansetjinga ganske radikalt, medan sjølv ikkje eit samrøystes styre kan gjera stort når det gjeld å forma rollene som rektor og direktør.

Emneord: Universitetspolitikk
Publisert 11. feb. 2005 15:24 - Sist endra 10. des. 2008 16:07
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere