- Det er akkurat som eit lynnedslag, berre mykje meir behageleg, synest Jon Storm-Mathisen og Ole Petter Ottersen.
- Fint at dette er ei påskjøning frå utlandet. Det syner at forskingsgruppene våre har gjort noko som er blitt lagt merke til, slår dei fast. Dei viser til at dei er dei første norske forskarane som har fått tildelt denne prisen sidan professor Per Andersen fekk den i 1996.
- Fin fjør i hatten
- Dette er ei fin fjør i hatten både for det norske nevroforskingsmiljøet og for UiO som har sett kor viktig det er med langsiktig finansiering, både i tider miljøet legg fram mange forskingsresultat og i tider då det ikkje blir produsert like mykje, konstaterer Ottersen og Storm-Mathisen, som begge er knytt til SFF-senteret, Senter for molekylærbiologi og nevrovitskap (CMBN).
- Det går ei linje frå Fridtjof Nansens forsking i Bergen og vidare til forskinga til Jan Jansen og Alf Brodal og nyleg avdøde Fred Walberg og til oss som i dag driv med nevroforsking ved UiO. Det er takka vera arbeidet desse forgjengarane våre gjorde, at me har kunna føra forskinga eit steg vidare, understrekar dei.
Cellevernande behandlingsformer
Forskinga deira går ut på å finna ut korleis nervecellene i hjernen er utstyrt med signalstoff og korleis desse signalstoffa brått kan endra seg til giftstoff som kan drepa nervecellene.
- Det langsiktige målet for denne forskinga er å finna fram til nye cellevernande behandlingsformer mot forskjellige sjukdomar som til dømes hjerneslag og Parkinsons og Alzheimers sjukdomar, seier Ottersen og Storm-Mathisen.
- Grunnforskinga er relevant for å kunna finna fram til eit
botemiddel mot feil i nervesystemet. Det er ikkje mogleg å
utvikla nye behandlingsmetodar utan å vita korleis hjernen og
andre organ fungerer under normale forhold. Difor er det så
viktig med ei enda betre finansiering av grunnforskinga i
Noreg, er sluttappellen frå dei to prisvinnarane.
Rektor Arild Underdal er på plass når prisen blir delt ut
torsdag 24. februar.
Logg inn for å kommentere