Skannar Osebergskipet

Denne veka byrjar Göteborgsselskapet Metimur skanninga av Osebergskipet i Vikingskipshuset. - Det vil vera til hjelp for dei som skal vurdera om det er mogleg å flytta vikingskipet til eit nytt museum på Sørenga, fortel arkeolog Knut Paasche til Uniforum.

SKJØRE SOM EGG: Folk frå Kulturhistorisk museum fjernar tiljene frå Osebergskipet før det skal skannast.
Foto: Ola Sæther

Torsdag 10. februar klargjorde arkeologar og konservatorar ved Kulturhistoriske museum Osebergskipet for den omfattande skanninga. Difor fjerna dei alle tiljene for første gong sidan skipet blei sett saman.

- Eg sov litt dårleg natta før dette arbeidet skulle gjerast. Den gongen skipet blei sett saman, oppstod det nemleg ein del sprekkar i ein del av tiljene, seier arkeolog I>Knut Paasche, som leier arbeidet med å skanna Noregs mest berømte vikingskip.

- Arbeidet skal ta rundt ein månad og målet er å få betre teikningar av korleis skipet er bygd, legg han til.

Generalprøven gjorde han under feltarbeidet til doktoravhandlinga si, der han gjorde ei digital skanning av Tuneskipet frå Østfold.

- Teikningane som blei gjorde på byrjinga av 1900-talet er flotte, men ikkje hundre prosent korrekte. Med den digitale skanninga blir dei nye teikningane på millimeteren korrekt. Dessutan vil det gi oss høvet til å visa ein tredimensjonal framstilling av skipet, seier Paasche.

Strid om flytting

For nokre år sidan vekte forslaget om å flytta samlingane frå vikingtida frå Vikingskipshuset til eit nytt museum på Sørenga stor debatt. Firmaet SafeTech fekk i oppdrag å analysera og vurdera om desse oldsakstinga ville tola ei eventuell flytting.

- Selskapet gjorde ei grundig undersøking av dei skjøraste tinga som til dømes sleden og vogna. Men vikingskipa gjorde dei berre ei overflatisk vurdering av, men dei konkluderte likevel med at det let seg gjera å flytta på vikingskipa. Dette selskapet rekna ut at skipet ville vega rundt fire tonn medan me meinte at det ville vega minst ti tonn.

- Museumsstyret tykte at denne konklusjonen blei tatt på eit altfor spinkelt grunnlag, og det same syntest Universitetsstyret. Difor blei det vedtatt å setja i gang ein ny og grundigare analyse av vikingskipa. Det er denne analysen som byrjar denne veka, og som saman med ei teknisk utgreiing frå ekspertar på styrkeutrekning, altså vil gi eit betre svar på om dei vil tola lyftinga og skyvinga som ei flytting vil innebera, fortel Paasche.

Klar om eitt år

Etter planen skal konklusjonen på konsekvensanalysen vera klar om eitt år. Då skal Universitetsstyret på nytt ta stilling til flyttespørsmålet. Personleg er han ikkje glad for at problemet er blitt redusert til spørsmålet om vikingskipa vil tola ei flytting eller ikkje.

- Nei, eg synest det finst mange viktigare museumsetiske spørsmål knytte til ei flytting enn den problemstillinga. Korleis stiller turistnæringa i Oslo og Oslo kommune seg til ei flytting?

- Ja, og vil Stortinget vedta at vikingskipa også skal fylgja med resten av Kulturhistorisk museum til eit nytt museum i Bjørvika? Og kva med den etiske haldninga overfor arkitekt Arnstein Arneberg som teikna eit museum spesielt tilpassa desse vikingskipa? I tillegg er både skipet og Vikingskipshuset viktige nasjonalmonument som er verneverdige i seg sjølv, meiner han.

Uansett kva som skjer, meiner han at dette vil vera nyttig for kunnskapen om Osebergskipet.

- Skanninga vil gi oss meir kunnskap om korleis skipet er bygd opp. Me veit at 90 prosent av treverket er original eik. Men me veit også at rundt 10 prosent av treverket er av nyare dato og er brukt som skøytar for å binda saman delar av det gamle treverket. Dessutan veit me at det er naudsynt å laga nye støtter til skipet. Dei har ikkje vore skifta ut sidan Osebergskipet blei utstilt første gong, fortel han.

Prislappen for heile konsekvensanalysen vil koma på rundt to millionar kroner, og rundt ti personar vil vera engasjert i dette arbeidet i ein månad framover.

Direktør Egil Mikkelsen ved Kulturhistorisk museum ser store fordelar med konsekvensanalysen av alle vikingskipsfunna.

- Dette gjer det lettare å kartleggja skader som er på både skipa og dei andre funna i dag. Dersom det blir bestemt at vikingskipa skal flyttast til det nye museet på Bjørvika, kan me bruka analysen til å finna ut kva skader ei flytting har påført skipa, seier Mikkelsen til Uniforum.

Han viser til at skanninga kan gi mange andre gevinstar for museet.

- Det gir oss høve til å kunna gi ein virtuell presentasjon av Osebergskipet og det vil bli lettare å byggja ein nøyaktig kopi av skipet slik som kulturavdelinga i Vestfold fylke har uttrykt ynske om, seier han.

Emneord: Museene, Vikingskipshuset Av Martin Toft
Publisert 23. feb. 2005 15:21 - Sist endra 10. des. 2008 15:48
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere