Dessutan ville regjeringa ha innført ein einskapleg leiarstruktur der rektor også ville ha vore den øvste administrative leiaren av eit universitet eller ein høgskule. Dette blei forkasta av fleirtalet som vedtok at universiteta sjølve skal få velja leiings - og styringsstruktur.
Med stor ro
Clemet tok nederlaget med stor ro og hadde ingen problem med å akseptera synet til fleirtalet.
- Endringane som er gjorde, er blitt til med støtte frå regjeringspartia. Eg synest det er blitt ei god, samlande løysing, sa ho i debatten, i fylgje ntb.
Låg valdeltaking
I debatten viste Clemet til at det kanskje ikkje var så stor interesse for eit universitetsdemokrati. Ved rektorvalet ved NTNU i Trondheim i 2001 var det i fylgje statsråden ei samla valdeltaking på 14 prosent. Ved det siste rektorvalet ved Universitetet i Oslo var valgdeltakinga blant studentane på 4,5 prosent, medan 46 prosent av det vitskaplege personalet stemte.
Måndagens vedtak fører til ei felles lov for private og offentlige høgskular og universitet som fører til større institusjonell fridom.
Logg inn for å kommentere