Etterlyser debattglade forskarar

- Forskarar kan koma med meir kunnskapsbaserte og meir velfunderte spørsmål til debattantane enn studentar. Difor oppfordrar me dei til å koma på debattmøta våre, seier formann Øistein Svelle og kulturutvalsleiar Eirik Bjørge i Det Norske Studentersamfund.

ETTERLYSER FORSKARAR: - Me vil gjerne ha fleire forskarar i salen på debattmøta våre, seier Øistein Svelle, som er formann i Det Norske Studentersamfund.
Foto: Ståle Skogstad

Det er først og fremst Onsdagsdebatten dei to ynskjer større professoralt oppmøte til. Dei viser til debattmøtet 2. mars om kven som har retten til historia. Då vil historieprofessor Hans Fredrik Dahl møta forskar Erling Sandmo ved Institutt for samfunnsforsking og forskar Mona Ringvej frå historiefaget.

- Det må vera eit fint høve for andre forskarar å ta turen til Chateau Neuf for å høyra ein debatt som garantert vil ha høg temperatur. Den makta som ligg i historieskriving, vil stå sentralt i denne debatten, lovar Svelle og Bjørge. Seinare blir det debatt om EU er miljøvenleg, om den nye radikalismen og om bygginga av Noreg.

- Alt dette er tema som er relevante for vitskaplege tilsette ved UiO, både som debattantar og som tilhøyrarar. No treng me dei altså også som tilhøyrarar sidan studentar og forskarar saman lettare kan stilla debattantar til veggs enn kva studentar klarer åleine. På den måten ville også debattane bli betre. Me kan lova dei medlemskap og billeg øl, smiler Svelle og Bjørge.

- Me kunne sagt at det ville vere eit kjærkome høve for professorane til å få beina ned på jorda, men me skal nøya oss med å ynskje dei hjarteleg velkomen., seier Bjørge.

- Og førstkomande måndag prøver me å hjelpa til med å skapa merksemd rundt den politiske situasjonen i Colombia. Då kjem representantar for studentorganisasjonen Asociación Colombiana de Estudiantes Universitarios (ACEU) til Upop-aften på Betong. Organisasjonen har nettopp fått utdelt Studentenes fredspris av Den internasjonale studentfestivalen i Trondheim, fortel Svelle. Og dei som ikkje kan venta så lenge, kan delta i Onsdagsdebattenallereie i kveld, 23. februar kl. 19.00. Då vil Kina-forskar Mette Halskov Hansen og ph.d. Xiaoling Yao diskutera Kinas utanrikspolitiske ambisjonar.

Emneord: Studentsaker, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 23. feb. 2005 11:19 - Sist endra 10. des. 2008 14:55
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere