Arne Næss tildelt St. Olavs Orden

- Eg kjenner meg svært rørt over å få oppleva ei slik ære i min vanvittige alder. Det vil eg aldri gløyma den korte tida eg har igjen å leva. Det sa filosofiprofessor Arne Næss fredag 25. februar etter at var utnemnt til Kommandør med stjerne av Den Kongelege Norske St Olavs Orden. Han får ordenen for den store samfunnsnyttige innsatsen sin. Seremonien fann stad i Administrasjonsbygningen til Universitetet i Oslo.

ST.OLAV: Filosof Arne Næss takkar kansellisjef Egil Vindorum for utnemninga til Kommandør med stjerne av Den Kgl. Norske St.Olavs Orden.
Foto: Ola Sæther

Der tok han mag.art-graden i filosofi som 21-åring og var fast tilsett professor frå 1939 til 1970.

- Difor ser eg det som ei stor ære både for Universitetet i Oslo og for meg sjølv at utdelinga av denne heidersmedaljen, skjer her, sa rektor Arild Underdal før kansellisjef Egil Vindorum frå Det Kongelege Slott kunne festa medaljen rundt halsen på Arne Næss.

Han får denne heideren fordi han er den personen i Norden som meir enn nokon annan har utvikla og utbreidd tankar som kritisk reflekterer det moderne mennesket sine vilkår og samfunnet sitt forhold til naturen. Det blir vist til at hans økosofi eller djupøkologiske totalsyn på ein vesentleg måte har hjelpt til med å få debatt om grunnleggjande utviklingsperspektiv.

I grunngjevinga heiter det også at ingen annan norsk filosof har hatt så stor påverknadskraft på områda heilskapssyn og skeptisisme som Arne Dekke Eide Næss. Ordensrådet har også lagt vekt på at han gjennom heile sitt 92 år lange liv har arbeidd for mennesket og naturen. Han er landets leiande frilansfilosof som ofte viser seg i det offentlege rom.

Dessutan blir det trekt fram at interessa hans for fjellklatring, ikkje berre førte han til det 7705 meter høge fjellet Tirich Mir i 1950 og 1964, men også gjorde at han innførte bolteteknikken til Noreg etter den andre verdskrigen. Det blir vist til at han var leiar for UNESCOs forskingsprosjekt om demokratisk ideologi i 1948-49. Også engasjementet hans for miljøvern blir nemnt i grunngjevinga. I tillegg har Arne Næss hausta stor anerkjenning som gjesteforelesar ved universitet over heile verda, blir det peika på.

Emneord: Priser, Forskning Av Martin Toft
Publisert 25. feb. 2005 15:53 - Sist endra 10. des. 2008 14:44
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere