Styret utsette rektorvalet

Rektorvalet og valet på nytt styre blir utsett til hausten. Det vedtok Universitetsstyret med 10 mot ei stemme i føremiddag. Styremedlem Kristian Gundersen var den einaste som røysta mot framlegget frå konstituert universitetsdirektør Inger Stray Lien.

Styret vedtok samtidig å be om at funksjonsperioden for styret blir forlengja til nyttår. Universitetsdirektøren blir beden om å ta kontakt med Utdannings- og forskingsdepartementet for å be om formell godkjenning av funksjonsperioden til det noverande styret. Viss godkjenninga blir gitt, vil både dagens rektor Arild Underdal, prorektor Anne-Brit Kolstø og resten av styret med unntak for den eine studentrepresentanten, sitja fram til nyttår. Tidlegare har både Hanna Ekeli, Boel Flodgren og prorektor Anne-Brit Kolstø vore i tvil om dei skulle stemma for ei utsetjing. I dag var tvilen borte, og dei stemte for forslaget. Dermed blei Kristian Gundersen altså den einaste som stemte imot.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 14. feb. 2005 12:23 - Sist endra 10. des. 2008 15:54
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere