Frå krig til union

Det blir debatt om både EU og statskyrkja under Humanioradagane i Oslo 2.-6. mars 2005. - Me vil sjå på Sveriges EU-røynsler ti år etter at landet blei med i unionen, seier komitéleiar Ole Kristian Grimnes . Svenske og norske forskarar skal då drøfta alle sider ved forholdet mellom Noreg og Sverige.

OK MED SVENSK: - Det heiter framleis Karl Johans gate, og Karl Johan-statua ruvar over byen, konstaterer leiar for Humaniorakomiteen, Ole Kristian Grimnes.
Foto: Ola Sæther

- Det blir interessant å få ein debatt om Sveriges og Noregs forskjellige forhold til Den europeiske unionen og arbeidet med å revidera statskyrkjeordninga i det fleirreligiøse samfunnet, konstaterer historieprofessor Ole Kristian Grimnes, som altså er leiar for Humaniorakomiteen.

EU-debatten blir likevel av eit anna kaliber enn det vanlege. Sundag 6. mars klokka 12.30 har Humaniorakomiteen difor invitert den EU-positive Lars Danielsson frå statsrådsberedningen og den EU-kritiske Per Gahrton frå Miljöpartiet til Voksenåsen for å fortelja om sine synspunkt på den svenske EU-medlemskapen. Også statssekretær Kim Traavik frå Utanriksdepartementet og Ingrid Fiskaa frå Rådet for Nei til EU får sleppa til. Det vil også jusprofessor Ståle Eskeland og NUPI-forskar Iver B. Neumann.

- Denne gongen er det viktig å ta utgangspunkt i dei ti åra Sverige har vore medlem i EU. Me vil gjerne vita korleis dei har opplevd denne politiske endringa på godt og vondt, fortel Grimnes, som gjerne understrekar at også det til tider dårlege naboforholdet blir tatt opp.

- Då det normale var krig

- Humanioradagane har tatt mål av seg til ikkje berre å visa den rosenraude felles historia mellom Noreg og Sverige, men også den lange felles historia der krig mellom dei to broderlanda var det vanlege, godt støtta opp om av Danmark. Det vil professor Øystein Rian fortelja alt om.

- Likevel er det viktig å minna om at sidan 1814 har det ikkje vore krig mellom Noreg og Sverige. Rett nok har det vore kritiske år, som nettopp 1814, 1905 og 1940-45, men det har ikkje ført til væpna samanstøytar. Desse kritiske åra blir også tatt opp i foredrag av norske og svenske historikarar, understrekar Grimnes. Både svenske og norske forskarar er inviterte for at dei saman skal setja søkjelyset på forholdet mellom dei to broderfolka.

Ibsen og Strindberg

Litteratur og språk, kunsthistorie og arkitektur og ikkje minst musikk er andre tema der forholdet mellom Noreg og Sverige blir tatt opp.

- Den svenske dosenten Ola Holmgren og UiO-professor Frode Helland skal halda foredrag om dei to største nordiske dramatikarane, August Strindberg og Henrik Ibsen. Og Arne Torp vil prøva å forklara kvifor svensk er kult i Noreg medan norsk er morosamt i Sverige.

- Forholda mellom nordmenn og svenskar i grenseområda i Østfold og Bohuslän blir tema for fleire foredrag i Oslo Bymuseum. Eg vil dessutan trekkja fram samarbeidet med Josefines Vertshus som onsdag 2. mars markerer Humanioradagane med ein hyllest til den svenske visesongaren Olle Adolphson. Og fredag 4. mars vil Lunsj med kultur skipa til ein foredragskonsert med norsk og svensk folkemusikk, annonserer Grimnes.

Humanioradagane har som tema "Brødrafolkens väl"? Norge og Sverige i 200 år.

- Det var valspråket til Oscar den andre. Me tillet oss å setja eit spørjeteikn bak sidan forholdet mellom dei to grannelanda ikkje alltid har vore så idyllisk.

Emneord: Humanioradagene, Fakultetene Av Martin Toft
Publisert 21. feb. 2005 16:17 - Sist endra 10. des. 2008 15:04
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere