HF-institutta får nye namn

Dei sju institutta på HF har fått erstatta talnamna med meir forståelege namn. Universitetsstyret skal gjera endeleg vedtak i namnesaka på måndag etter at fakultetsstyret ved HF kom med si tilråding onsdag 2. februar.

NYE INSTIUTTNAMN: -Me ville vera lydhøyre for namneynska til instiutta, seier HF-dekan Bjarne Rogan.
Foto: Ola Sæther

Etter at folk hadde byrja å bli vande til dei klassiske nemningane Institutt I, Institutt II , Institutt III og så vidare, har endeleg dei sju attverande institutta på Det humanistiske fakultetet fått nye og meir forståelege namn.

Etter at fakultetsstyret har kome med si tilråding, skal altså Universitetsstyret utføra den endelege dåpsseremonien ved å vedta namna måndag 14. februar. Dermed blir Institutt I heitande Institutt for arkeologi, konservering og historiske studium/Institutt for arkeologi, konservering og historiske studier. Institutt II får namnet Institutt for kulturstudium og orientalske språk/Institutt for kulturstudier og orientalske språk. Institutt III blir døypt Institutt for filosofi, klassisk, idé- og kunsthistorie.

Det fjerde dåpsbarnet, altså Institutt IV, får namnet Institutt for litteratur, områdestudium og europeiske språk/Institutt for litteratur, områdestudier og europeiske språk. Institutt V får det meir opplagte namnet Institutt for lingvistiske og nordiske studium/Institutt for lingvistiske og nordiske studier medan Institutt VI blir heitande det same som før reforma, altså Institutt for medium og kommunikasjon/Institutt for medier og kommunikasjon.

Det sjuande og siste instituttet, Institutt VII får det kortaste namnet, nemleg Institutt for musikkvitskap/Institutt for musikkvitenskap. Når det gjeld engelske instituttnamn, vil styret gi dekan Bjarne Rogan fullmakt til å utarbeide desse nemningane.

- Er du nøgd med dei nye namna, HF-dekan Bjarne Rogan?
- Fakultetsleiinga ynskte primært korte namn utan mange ledd, men samtidig har det vore svært vanskeleg å droppa ein del fagområde i ein del av namna utan at det skulle bli mange kompromiss.

Rogan vedgår at namna kanskje ikkje er verdas kortaste, men det var også mange andre ting som spelte inn når namnespørsmålet skulle avgjerast.

- Målet var å få ein mest mogleg einskapleg namnepraksis, færrast mogleg ledd og færrast mogleg og'ar, men samtidig ville me vera lydhøyre for institutta sine ynske. Dei namna som no ligg føre, kan me altså tilrå, slår han fast.
Professor Dagfinn Worren ved Institutt V (Institutt for lingvistiske og nordiske studium) har eit sterkt ynske når det gjeld dei nye namna.

- Eg håpar at både nynorskversjonen og bokmålsversjonen av dei nye instiuttnamna blir brukt på brevpapir og andre skriv som blir sende ut frå institutta. På den måten kan dei vera med og synleggjera dei to norske målformene, meiner han.

Skal tilsetja fem instituttleiarar

Styret skal også tilsetja instituttleiarar for fem av dei sju HF-institutta. Ved Institutt I blir det derimot truleg val på ny instituttleiar i løpet av kort tid. For Institutt VII er det enno ikkje funne kvalifiserte leiarkandidatar. Dermed blir stillinga lyst ut på nytt.

Dersom Styret fylgjer innstillinga til fakultetsstyret ved HF, vil fylgjande personar bli tilsette som instituttleiarar:

Professor i kinesisk, Mette Halskov Hansen blir tilsett som instituttleiar ved Institutt II (Institutt for kulturstudium og orientalske språk), Filosofiprofessor Bjørn Ramberg blir tilsett som instituttleiar ved Institutt III (Institutt for filosofi, klassisk, idé- og kunsthistorie), professor i engelsk, Per Winther blir tilsett som instituttleiar ved Institutt IV (Institutt for litteratur, områdestudium og europeiske språk), professor i lingvistikk, Hanne Gram Simonsen blir tilsett som instituttleiar for Institutt V (Institutt for lingvistiske og nordiske studium medan medieprofessor Eli Skogerbø blir tilsett som instituttleiar ved Institutt VI (Institutt for medium og kommunikasjon).

Alle tilsetjingane skjer på åremål for fire år med høve til forlenging i ytterlegare to periodar.

Emneord: HF: nytt institutt for språk, Fakultetene Av Martin Toft
Publisert 10. feb. 2005 14:21 - Sist endra 10. des. 2008 15:10
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere