Godkjente nye namn på HF-institutta

Dei sju institutta på HF har fått erstatta talnamna med meir forståelege namn. Det er klart etter at Universitetsstyret gav den endelege velsigninga si måndag 14. februar.

Etter at folk hadde byrja å bli vande til dei klassiske nemningane Institutt I, Institutt II , Institutt III og så vidare, har endeleg dei sju attverande institutta på Det humanistiske fakultetet fått nye og meir forståelege namn.

Universitetsstyret godkjente i første omgang berre seks av dei sju instituttnamna. Men etter at fakultetsadministrasjonen på oppmoding frå styret hadde endra namnet på Institutt III frå Institutt for filosofi, klassisk, idé- og kunsthistorie til Institutt for filosofi, idé- og kunsthistorie og klassiske språk, er også det namnet i boks.

Dermed blir Institutt I heitande Institutt for arkeologi, konservering og historiske studium/Institutt for arkeologi, konservering og historiske studier. Institutt II har fått namnet Institutt for kulturstudium og orientalske språk/Institutt for kulturstudier og orientalske språk.
Institutt III er altså døypt Institutt for filosofi, idé- og kunsthistorie og klassiske språk.

Det fjerde dåpsbarnet, altså Institutt IV, har fått namnet Institutt for litteratur, områdestudium og europeiske språk/Institutt for litteratur, områdestudier og europeiske språk. Institutt V får det meir opplagte namnet Institutt for lingvistiske og nordiske studium/Institutt for lingvistiske og nordiske studier medan Institutt VI blir heitande det same som før reforma, altså Institutt for medium og kommunikasjon/Institutt for medier og kommunikasjon.

Det sjuande og siste instituttet, Institutt VII får det kortaste namnet, nemleg Institutt for musikkvitskap/Institutt for musikkvitenskap.

Når det gjeld engelske instituttnamn, gav Styret dekan Bjarne Rogan fullmakt til å utarbeide desse nemningane.

Emneord: HF: nytt institutt for språk Av Martin Toft
Publisert 17. feb. 2005 14:46 - Sist endra 10. des. 2008 15:08
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere