Kristin Clemet: - Ikkje noko nederlag

- Eg føler ikkje dette som noko nederlag. Det seier utdannings- og forskingsminister Kristin Clemet i eit eksklusivt intervju med Uniforum etter at fleirtalet i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen gjekk inn for ein annan modell for toppleiinga ved universiteta og høgskulane enn den regjeringa foreslo.

RESTDEBATT: - På meg verkar det som om dette er ein restdebatt etter innføringa av Kvalitetsreforma som blir ført av dei som kom for seint på bana til å delta i debatten, meiner Kristin Clemet.
Foto: Ola Sæther

Nokre dagar etter at leiaren for KUF-komiteen, Rolf Reikvam (SV) har sendt innstillinga over til Odelstinget, tar Kristin Clemet imot oss på statsrådkontoret sitt i Y-blokka i Akersgata. Og det er ingen slagen minister Uniforum møter.

- Eg har sjølvsagt stor tru på den leiingsmodellen regjeringa foreslo. Men det var jo ein samrøystes komité som gjekk inn for at det ikkje skulle vera ei obligatorisk styringsform for utdanningsinstitusjonane. Sidan regjeringspartia sine representantar også gjekk inn for det, viser jo det at dei har stått i tett kontakt med meg.

- Eit stort fleirtal sett saman av regjeringspartia og Arbeidarpartiet står dessutan bak eit gratisprinsipp som blir lovfesta, men slik at dagens praksis med å ta betaling for etter- og vidareutdanning kan halda fram. At det blei ei viss endring i teksten, synest ikkje eg gjer noko.

- Ingen i komiteen går heller inn for å innføra studiepengar. Sidan dagens styringsform kan endrast til ein meir einskapleg modell med to tredels fleirtal i styret, blir det spennande å sjå kor mange institusjonar som vel å gjera det.

- Restdebatt

- I forkant av innstillinga frå KUF-komiteen blei det skipa til både eit folkemøte i Universitetets Aula og eit fakkeltog til Stortinget der du og regjeringa blei framstilte som dei som var ute etter å ta den akademiske fridomen frå universiteta. Korleis likar du å bli gjort til hoggestabbe av forskarar og andre universitetstilsette?

- På meg verkar det som om dette er ein restdebatt etter innføringa av Kvalitetsreforma som blir ført av dei som kom for seint på bana til å delta i den debatten. Sidan eg truleg har besøkt fleire forskingsmiljø enn nokon annan statsråd før meg, veit eg at meiningane blant dei tilsette ved universiteta og høgskulane er langt meir mangfaldige og nyanserte enn det spesielt debatten i Aftenposten har gitt inntrykk av.

- Kvalitetsreforma har faktisk blitt gjennomført med støtte og engasjement både frå studentane og mange av dei tilsette ved utdanningsinstitusjonane. Det er eit stort og flott arbeid som går føre seg både lojalt og med stor entusiasme. Det er rart at dette ikkje er fanga opp av pressa.

- Kvifor er du så kritisk til innhaldet i universitetsdebatten?

- Eg synest det er påfallande at debatten i liten grad drøftar dei internasjonale utfordringane som står i kø for norsk høgare utdanning. Sjølvsagt er eg open for diskusjon om alternative måtar å møta desse utfordringane på, men då må ikkje dei andre deltakarane i universitetsdebatten skygga unna heile den diskusjonen.

- Fleire evalueringar av dei norske utdanningsinstitusjonane har nemleg vist at studiekvaliteten ikkje var god nok. Nokre fagevalueringar har dessutan vist at også kvaliteten på forskinga kunne ha vore betre. Sidan Noreg er eit lite land og eit lite språksamfunn, gjer det utfordringane våre enda større enn kva dei er for store land og store språksamfunn.

- Behov for einskapleg leiing

- Men mange meiner at med manglande løyvingar til forsking og høgare utdanning er det vanskeleg å heva den internasjonale kvaliteten?

- Me treng framleis auka løyvingane til forsking, men Noreg er eitt av dei få landa i verda der Staten aukar løyvingane til forsking og utdanning utan at det blir innført studiepengar. Og sjølv om eg veit at dette er eit stridstema, så meiner eg at institusjonane har behov for ei integrert og einskapleg leiing, som lettare kan prioritera satsingsområde. Norske universitet og høgskular må nemleg vedgå at dei ikkje kan vera best i alt. Ofte har dei ein integrert og strategisk leiingsmodell langt nede i organisasjonen, men eg meiner at det er naudsynt å ha ein liknande modell på toppen også.

- Korleis det er mogleg å føra ein god personalpolitikk eller likestillingspolitikk med to søyler for leiing, er uforståeleg for meg. Når det skal takast ei vanskeleg avgjerd, er det viktig med ei integrert leiing som har møteplassar der heile grunnlaget for ei avgjerd kan leggjast på bordet. At dette er naudsynt å diskutera, viser jo blant anna det faktum at Riksrevisjonen ikkje ville godkjenna 2002-rekneskapen til UiO. Det er mogleg at dette ikkje var alvorleg for akademia, men for meg var det alvorleg nok. I dag fungerer rektor i stor grad som sekretær for styret.

- Du har erta på deg forskarane fordi du har sagt opp avtalen som sikrar jamn fordeling av arbeidstid mellom forsking og undervisning. Saka skal no avgjerast av Arbeidsretten. Er du ikkje redd for å provosera forskarane for mykje?

- Arbeidsavtalen blei sagt opp fordi det går mot meir sjølvstyre for institusjonane. Difor tykkjer eg det er greitt at spørsmålet skal avklarast i Arbeidsretten.

- Fekk du ingen klare signal på kva som er gale i akademia under besøksrundane dine?

- Jo, det gjorde eg. Og eg fekk stadig vekk repetert akkurat det same. Det tyder jo på at det verkeleg er eit problem som det kan gjerast noko med. Det gjeld først og fremst problemet med at det tar så lang tid frå ein forskar har tatt doktorgrad til den ferdige kandidaten får ei forskarstilling. Dette vil bli eit tema i forskingsmeldinga.

- Let gjerne forsking bli valkamptema

- Og når blir den klar?

- Eg reknar med at den skal bli ferdig før påske. Den vil faktisk visa at det ikkje står så dårleg til med norsk forsking som mange trur. Mange forskarar har fortalt meg at me er på rett veg og at me må halda fram på same måten som me stemner. Eg vil ikkje ha noko imot om forskingsmeldinga hadde blitt eit valkamptema før stortingsvalet. Men partia er vel så samde om forskingspolitikken at konfliktnivået ville ha blitt for lite til at det ville ha blitt eit tema? Likevel skulle det ikkje ha vore meg imot, smiler Kristin Clemet.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 24. feb. 2005 11:09 - Sist endra 10. des. 2008 15:22
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere