Forskingsrådet formidlar forskingsresultat for dårleg

Forskingsrådet formidlar forskingsresultat frå dei handlingsretta forskingsprogramma for dårleg. Det slår Riksrevisjonen fast etter at den har funne fleire veikskapar i Forskingsrådets styring og drift av desse forskingsprogramma. Dette kan ha vore årsaka til at forskingsresultata ikkje har kome brukarane av programforskinga til gode i stor nok grad, heiter det i konklusjonen.

BETRE FORMIDLING: - Forskingsrådet har allereie sett i verk fleire tiltak for å styrkja formidlinga av forskingsresultat, seier administrerande direktør Arvid Hallén.
Foto: Ståle Skogstad

I 2003 løyvde Stortinget 4,1 milliardar kroner til Noregs forskingsråd. 2,1 milliardar gjekk til forskingsprogram og av dei gjekk 681 millionar kroner til handlingsretta program.

Riksrevisjonen sette i gang undersøkinga av ni av desse programma for å finna ut i kva grad Forskingsrådet tar vare på Stortingets intensjonar om at forskinga skal koma styresmaktene, næringslivet og folket til gode. Undersøkinga viser at Forskingsrådet ikkje har innarbeidd ein overordna strategi for brukarretta kunnskaps- og teknologiformidling slik Stortinget har bede om.

Det er fire hovudområde dei handlingsretta programma ikkje oppfyller kravet om formidling av forskingsresultat, konstaterer Riksrevisjonen.

For det første er det mange program som i for liten grad identifiserer målgrupper for forskinga, og dei har i varierande grad oversikt over kva brukarar som er sentrale.
Dessutan viser ei eiga spørjeundersøking av eit fleirtal av brukarane i fem av dei ni ikkje er nøgde med kor tilgjengelege forskingsresultata er.

Heller ikkje heimesida til Forskingsrådet går fri for kritikk. Riksrevisjonen meiner den berre i avgrensa grad er lagt til rette for å finna informasjon om forskingspublikasjonar og forskingsresultat.

Til sist viser undersøkinga at mange program i for liten grad har utarbeidd konkrete programmålsetjingar, og sluttrapporteringa frå programma er ufullstendig. Riksrevisjonen meiner at dette tyder på at Forskingsrådet i liten grad fylgjer opp rutinane som er utarbeidde for planlegging og rapportering.

Utdannings- og forskingsdepartementet meiner at rapporten tar opp forhold ved programadministrasjonen til NFR, der det er eit potensial for betring, og peikar på at forskingsformidling også blir tatt opp i den komande stortingsmeldinga om forsking. Arbeidet med å betra dei tinga som undersøkinga har peika på, er allereie i gang, opplyser departementet. Riksrevisor Bjarne Mørk Eidem trur både statsråd og Forskingsrådet vil ta omsyn til funna i denne undersøkinga.

- Me har peika på ein del veikskapar i formidlinga av desse forskingsresultata. Så er det opp til statsråd Kristin Clemet og Forskingsrådet å finna ut kva som kan gjerast for å betra formidlinga. I den grad eg kjenner til toppsjefane i Forskingsrådet er dei kloke nok til å forstå det, seier Mørk Eidem.

Lovar betring

Administrerande direktør Arvid Hallén i Forskingsrådet, tar kritikken frå Riksrevisjonen alvorleg og lovar å fylgja tilrådingane.

- Forskingsrådet har allereie sett i verk fleire tiltak for å styrkja formidlinga av forskingsresultat, og me vil vurdera betring både når det gjeld programadministrasjon og kommunikasjonsaktivitetar, seier han i ei pressemelding frå Forskingsrådet.

Riksrevisjonen har gått gjennom desse ni handlingsretta programma:
- Kommunale avgjerdsprosessar og statleg intervensjon (Kommunelov)
- Grunnforureining (GRUF)
- Arktisk lys og varme (ALV),
- Levekår, utvikling og omstilling i landbruket (Landbruk),
- Økonomisk kriminalitet
- Informasjonsteknologi i medisin og helseteneste,
- Internasjonal migrasjon og etniske relasjonar (IMER),
- Samfunnsmessige rammevilkår og verkemiddel for norsk energi- og miljøpolitikk (SAMRAD)
- Alternativ medisin.

Emneord: Forskningspolitikk, Forskning Av Martin Toft
Publisert 17. feb. 2005 12:59 - Sist endra 10. des. 2008 15:03
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere