Nyheter fra 2006 - Side 13

Publisert 17. jan. 2006 15:34

I Nederland krev universiteta at alle forskarar som publiserer ei vitskapleg avhandling på engelsk også må skriva eit samandrag på nederlandsk og omvendt. - Det kan bli aktuelt for oss å tilrå ei liknande ordning ved UiO, seier professor Helge Hveem til Uniforum. Han leier UiOs utval for språkpolitikk, som neste veke sender ut eit spørjeskjema til fast tilsette og studentar ved UiO for å kartleggja språkbruken og språkhaldningane deira.

Publisert 17. jan. 2006 13:15

Kunnskapsminister Øystein Djupedal (SV) krever skjerpet etisk bevissthet blant forskere og utdanningsinstitusjoner. Avsløringen av forskerjukset om kreftbehandling betegner han som en vekker, melder ntb.

Publisert 16. jan. 2006 17:30

- Det er ei svært alvorleg sak. For ein forskar er det ei dødssynd å gjera det som denne kreftforskaren har gjort,om det stemmer det som pressa skildrar. Det seier rektor Geir Ellingsrud i ein kommentar til avsløringa av at kreftforskar Jon Sudbø ved Radiumhospitalet hadde fabrikkert alle forskingsresultata i ein vitskapleg artikkel som blei publisert i The Lancet i oktober 2005. Sudbø har også ei andrestilling som førsteamanuensis ved UiO.

Publisert 13. jan. 2006 10:26

Dei to matematikarane Paul Arne Østvær (t.v.) og Sergey Neshveyev fekk tildelt 450 000 kroner kvar av UiO like før jul. Bakgrunnen for påskjøninga var den gode innsatsen dei gjorde i konkurransen om dei europeiske prisane for unge forskarar.

Publisert 11. jan. 2006 13:46

- Dette er ein kjempeskandale både for stamcelleforskinga og for tidsskriftet Science. Det seier professor i medisinsk etikk ved UiO, Jan Helge Solbakk til Uniforum, etter at det denne veka blei klart at den sørkoreanske forskaren Hwang Woo-Suk fabrikkerte alle bevisa som skulle syna at han både hadde klart å laga stamceller frå klona menneskelege livsspirer (embryo) og hadde dyrka fram genetisk spesifisert vev som kunne brukast til å reparera skader i ryggmargen. Solbakk skal no delta i arbeidet med å laga internasjonale retningslinjer for stamcelleforskinga.

Publisert 5. jan. 2006 14:48

-Dette er mest som å ha vunne gull på 4x100 meter stafett i sommar-OL. Det seier seniorforskar Linda H. Bergersen ved Senter for molekylærbiologi og nevrovitskap på UiO, etter at ho saman med tre andre forskarar nyleg fekk publisert ein vitskapleg artikkel i Nature. I artikkelen skildrar dei eit funn som aukar håpet om å finna ein betre medisin mot til dømes multippel sklerose.

Publisert 5. jan. 2006 10:01

Universiteta skal halda fram med å forvalta bygningane sine sjølve. Det er klart etter at Stortinget under handsaminga av statsbudsjettet gjekk imot eit forslag frå den førre regjeringa om å vurdera å skilja ut bygningane og samla dei i det statlege selskapet Undervisningsbygg A/S. Både teknisk direktør Frode Meinich og NTL-leiar Anita K. Solhaug er svært glade for denne avgjerda.

Publisert 3. jan. 2006 16:41

Geir Ellingsrud har holdt sin første tale som rektor på Universitetet i Oslo. Det skjedde på åpningsarrangementet til Faglig- pedagogisk dag. Ellingsrud ble etterfulgt på talerstolen av kunnskapsminister Øystein Djupedal . Til stede var også læreren Brita Lie Bull , som er blant veteranene på dette arrangementet.

Publisert 2. jan. 2006 14:53

I dag har Geir Ellingsrud hatt sin første arbeidsdag som rektor ved Universitetet i Oslo. - Heile rektoratet skal no gå i gang med å gå gjennom både studiereforma og finansieringsmodellen, slår han fast overfor Uniforum.