Skal styrkja bruken av norsk fagspråk

I Nederland krev universiteta at alle forskarar som publiserer ei vitskapleg avhandling på engelsk også må skriva eit samandrag på nederlandsk og omvendt. - Det kan bli aktuelt for oss å tilrå ei liknande ordning ved UiO, seier professor Helge Hveem til Uniforum. Han leier UiOs utval for språkpolitikk, som neste veke sender ut eit spørjeskjema til fast tilsette og studentar ved UiO for å kartleggja språkbruken og språkhaldningane deira.

HALDNINGAR: - Me vil gjerne sjå nærare på kva haldningar både dei tilsette og studentane har til språk og språkbruk, seier Helge Hveem, som leier Utvalet for språkpolitikk.
Foto: Ola Sæther

Det var i fjor haust rektor Arild Underdal sette ned eit utval som fekk i mandat å sjå på forholdet mellom norsk og engelsk og andre framandspråk i forsking og undervisning. Bakgrunnen var det aukande presset frå engelsk mot norsk fagspråk. Professor i statsvitskap, Helge Hveem leier utvalet.

- I Nederland krev universiteta at alle forskarane som publiserer ei vitskapleg avhandling på engelsk, også må skriva eit samandrag på nederlandsk. Samtidig må dei som skriv ei vitskapleg avhandling på nederlandsk, også laga eit samandrag på engelsk. Det kan bli aktuelt for oss å rå til at det blir innført ei liknande ordning ved Universitetet i Oslo, avslører Helge Hveem.

Utvalet skal også sjå på formidling der norsk er hovudforma. Utvalsmedlemane skal sjå på korleis det kan bli mogleg å få produsert fleire læremiddel på norsk. Fleire i utvalet har i tillegg tatt til orde for at dei må sjå på bruk av engelsk i høve til norsk i kommunikasjon om administrative saker på UiO.

Kartlegg språkbruken på UiO

Men først vil utvalet finna ut meir om språkbruken ved UiO gjennom ei eiga spørjeundersøking.

- På den måten vil me kartleggja dei tilsette og studentane sin praksis i individuell språkbruk innanfor forsking, undervisning, formidling og administrativ internkommunikasjon. Me ynskjer å finna ut om dei me spør synest språkbruken er god nok eller mangelfull på desse områda. Men me vil gjerne sjå nærare på kva haldningar både dei tilsette og studentane har til språk og språkbruk. Dei skal få høve til å koma med forslag til kva punkt eit språkpolitisk dokument for UiO bør innehalda, lovar han.

Spørjeundersøkinga skal gjennomførast av ein student i statsvitskap og ein student i eit språkfag, under rettleiing frå professor Ottar Hellevik. Heile undersøkinga blir gjennomført ved bruk av det elektroniske spørjeskjemaet Questback. Den skal danna ein del av grunnlaget for tilrådingane frå utvalet, som skal leggjast fram rett før påske. Helge Hveem er difor glad for debatten om norsk fagspråk som no går føre seg i Aftenposten.

- Viktig debatt

- Det er ein viktig debatt sidan den handlar både om vern av norsk fagspråk, om å stimulera internasjonalisering og om det skal lønna seg meir å publisera vitskaplege artiklar på engelsk enn på norsk. Norma er at all formidling i hovudsak skal skje på norsk, men det er forskjellig praksis når det gjeld språkbruk innanfor forsking og undervisning.

- Medan norsk er eit internasjonalt forskingspråk på nordisk, er engelsk i høgste grad det dominerande vitskapsspråket både for dei medisinske og dei naturvitskaplege faga. Me kjem i alle fall til å undersøkja om det er grunnlag for å innføra ei ordning der i alle fall samandraget skal vera på norsk i alle vitskaplege avhandlingar på engelsk eller andre verdsspråk. Og der norsk er publiseringsspråket skal det vera eit samandrag på engelsk.

- Me kan difor koma til å rå til at alle forskarar ved UiO skal kunna norsk godt, men samtidig også må kunna publisera og formidla på eitt eller fleire framandspråk. Dette er tankar som me jobbar med og som me skal greia ut nærmare, fortel Hveem.

Ser på andre små språk

Han viser både til språkdokumentet ved Aarhus Universitet, til Sverige og til Nederland som moglege delmodellar for eit språkdokument for UiO.

- For oss er det nyttig å sjå korleis andre små språk taklar utfordringa med å ta vare på sitt eige fagspråk under trugsmålet frå engelsk, legg han til. Når språkdokumentet blir lagt fram, skal det også vera mogleg å opna for ein viss fleksibilitet for dei ulike faga.

- Me kan ikkje ha ein heilt lik praksis for forskarar på medisin, matematikk og naturvitskap i høve til forskarar på juss, samfunnsfag, historie eller nordisk. Samtidig må alle innretta seg etter dei felles overordna prinsippa, som me vil foreslå, understrekar Hveem.

Men når det gjeld å ta stilling til praksisen med høgare premiering av vitskaplege artiklar på engelsk enn av dei som er på norsk, viser han til at det må dei politiske styresmaktene ta endeleg stilling til.

- Sidan dette er ei av gulrøtene i finansieringsmodellen til Kunnskapsdepartementet, må Stortinget ta ei endeleg avgjerd i den saka. Utvalet som eg leier kan berre koma med tilrådingar i det spørsmålet, slår han fast.


Desse sit i Utvalet for språkpolitikk:
Helge Hveem, Institutt for statsvitskap (leiar)
Per Thomas Andersen, Institutt for lingvistikk og nordiske studium,
Ute Krengel, Kjemisk institutt
Ragnhild B. Hoen (studentrepresentant)
Ram Gupta (sekretær)
Emneord: Universitetspolitikk, Nynorsk, HF: nytt institutt for språk Av Martin Toft
Publisert 17. jan. 2006 15:34 - Sist endra 10. des. 2008 15:48
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere