Jan Helge Solbakk: - Kjempeskandale for stamcelleforskinga

- Dette er ein kjempeskandale både for stamcelleforskinga og for tidsskriftet Science. Det seier professor i medisinsk etikk ved UiO, Jan Helge Solbakk til Uniforum, etter at det denne veka blei klart at den sørkoreanske forskaren Hwang Woo-Suk fabrikkerte alle bevisa som skulle syna at han både hadde klart å laga stamceller frå klona menneskelege livsspirer (embryo) og hadde dyrka fram genetisk spesifisert vev som kunne brukast til å reparera skader i ryggmargen. Solbakk skal no delta i arbeidet med å laga internasjonale retningslinjer for stamcelleforskinga.

TILLIT: - Det som no står på spel, er tilliten til stamcelleforskinga spesielt og til medisinsk forsking generelt, seier professor i medisinsk etikk, Jan Helge Solbakk .
Foto: Ola Sæther

Det var for rundt ein månad sidan ein granskingskomité ved National University i Seoul konkluderte med at ni av dei elleve stamcellekoloniane som blei omtalte i rapporten i tidsskriftet Science frå mai 2005, var fabrikkerte. Tysdag denne veka slo granskingskomiteen endeleg fast at dei to attverande stamcellekoloniane også var fabrikkerte. Det einaste Hwang Woo-Suk får æra for å ha gjort, er å ha lykkast med å klona fram hunden Snuppy, men komiteen avviser at dette er eit gjennombrot innanfor kloningsteknologien. Forskaren har også vedgått at han samla inn egg frå underordna og at kvinner har fått betaling for å levera egg. Avsløringane har kome fram etter at unge sørkoreanske forskarar og fjernsynsprogrammet "PD Notebook" byrja å stilla spørsmål ved forskingsresultata hans og tvinga universitetet til å setja ned ein granskingskomité.

- Tillit på spel

For å hindra at slike skandalar skal dukka opp igjen, har den internasjonale organisasjonen for stamcelleforsking (ISSCR) sett ned ein komité som skal laga internasjonale retningslinjer for denne forskinga. Professor i medisinsk etikk ved UiO, Jan Helge Solbakk, er ein av dei som har takka ja til å sitja i denne komiteen.

- Det som no står på spel, er tilliten til stamcelleforskinga spesielt og til medisinsk forsking generelt. Viss ikkje det blir gjort noko for å hindra at slike ting skjer igjen, kan tilliten som samfunnet har til den medisinske forskingsverda få ein knekk. Det er grunn til å venta store resultat av stamcelleforskinga, men forskarar bør ikkje av den grunn gå "bananas" eller selja skinnet før bjørnen er skoten. Den sørkoreanske forskaren har gjort seg skuldig i eit grovt overtramp, som det ikkje blir enkelt å få tilgjeving for, meiner han.

Solbakk trur at det var den internasjonale konferansen om religion og bioteknologi, som han var ansvarleg for å arrangera før jul, som er bakgrunnen for at han blei spurt om å sitja i den internasjonale komiteen.

- Der blei eg kjent med Laurie Zoloth, som er professor i medisinsk etikk og religion i USA. Ho er eit sentralt namn i den internasjonale stamcelleforskingsorganisasjonen, og då dei trong ein europeisk etikkmedlem, drog ho fram namnet mitt, seier Solbakk. Han ser absolutt behov for internasjonale retningslinjer, men ikkje berre for å hindra at eitt rote egg blant forskarane skal kunna halda på utan at det blir reagert.

- Medforfattar utan å ha deltatt

- Eit heilt konkret problem er det faktum at den vel omtykte medisinprofessoren Gerald Schatten ved University of Pittsburgh har skrive under som sisteforfattar på den siste artikkelen til den sørkoreanske forskaren utan at han har stått bak nokon av dei vitskaplege prøvane. Dermed brukar han det gode namnet og ryktet sitt for å gjera eit vitskapleg resultat meir truverdig, seier Solbakk, og viser at Schatten allereie har fjerna artikkelen frå oversikten over nyskrivne artiklar. Men når han går vidare på heimesida til Gerald Schatten, finn han til slutt artikkelen under opplistinga av det vitskaplege arbeidet hans.

- Det skulle vera interessant å vita kva som gjer at han aksepterer å vera medforfattar utan at han veit kva som går føre seg, undrar Solbakk seg over.

Dårleg kvalitetssikring i Science

Han er heller ikkje imponert over kvalitetssikringa til det prestisjetunge tidsskriftet Science, som publiserte begge dei to rapportane som inneheld fabrikkerte forskingsresultat.

- Det er truleg kappløpet mellom tidsskrifta og mellom forskarane om å vera først ute med nye forskingsresultat, som må ta skulda for det. Då kan det gå ut over kvalitetssikringa. I dei reint medisinske forskingstidsskrifta har dei mykje strengare retningslinjer for når ein artikkel kan publiserast enn det Science har. Der må både hovudforfattarar og medforfattarar til ein vitskapleg artikkel gjera greie for kva rolle dei har spelt under forskinga, forklarar han. I arbeidet med å laga kjørereglar for denne forskinga skal alt dette setjast under lupa.

- Først og fremst skal me koma fram til internasjonale retningslinjer som alle land kan godta, for å hindra at liknande saker skal oppstå igjen. Reguleringa av stamcelleforskinga er kulturelt sett spesiell, fordi den fremste forskinga på dette feltet ikkje nødvendigvis går føre seg i dei vestlege industrilanda, men i land som ikkje tradisjonelt har vore i forskingsfronten, som til dømes Sør-Korea og ein del arabiske land, seier Solbakk.

Ettertanke

Han meiner både tidsskriftsredaktørar, internasjonale forskargrupper og bioetikarar no må snakka saman.

- Dei må bidra til å få fram det etiske konglomeratet som finst i denne forskinga og få det fram i lyset. Både dei som seier at all stamcelleforsking berre bør gå føre seg på adulte stamceller og dei som gjerne vil bruka overtallige befrukta egg frå fertilitetsforskinga eller laga stamceller ved å nytta kloningsteknikkar eller celler frå navlestrengblod, bør etter Seoul-skandalen manast til ettertanke. Det gjeld også pasientorganisasjonane som har vore overoptimistiske i synet på kor langt stamcelleforskinga kan nå. Framleis finst det eit dusin grunnforskingsproblem forskarane må løysa før ein kan starta med dei første utprøvingane på sjuke menneske. Eit døme gjeld korleis ein skal få stamcellene til å vandra til den sjuke kroppsdelen og berre dit, fortel Solbakk.

(Kjelder: Jan Helge Solbakk, New York Times, Vårt Land, Science, NTB)

Emneord: Forskning, Etikk, Medisin Av Martin Toft
Publisert 11. jan. 2006 13:46 - Sist endra 10. des. 2008 15:17
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere