Det var etter at ho hadde takka nei til ei forskarstilling ved University College London, Linda H. Bergersen fekk etablert samarbeid med sjefen der, professor David Attwell. Saman med dei to stipendiatane hans, Ragnhildur Káradóttir og Pauline Cavelier, sette dei i gang med forskingssamarbeidet som no har enda opp med ein vitskapleg artikkel i Nature.
- I artikkelen avslører me bakgrunnen for at nervebaner i hjernen er spesielt sårbare og blir skadde ved oksygenmangel. Eit døme kan vera under ein vanskeleg fødsel, der dette kan føra til cerebral parese. Det viktigaste me har funne ut er at oligodendrocyttane, som pakkar nervefibrar inn i isolasjon til nervebaner mellom ulike delar av hjernen, har ein type glutamatreseptorar som forskarane tidlegare trudde berre fanst på nervecellene, fortel Bergersen til Uniforum.
Ein glutamatreseptor er eit membranprotein som det stimulerande signalstoffet glutamat bind seg til. Ho seier at denne reseptortypen er ei uvanleg form av dei såkalla NMDA-reseptorane, som gjer kontaktpunkta (synapsane) i hjernen i stand til å "læra", men prisen er at dei også kan gi celleskade og celledød dersom dei blir stimulerte ukontrollert.
Kalsiumfrigjering skaper problem
- Stoffet som desse nervefibrane er pakka inn i, blir kalla myelin. Det var i dette stoffet me fann den spesielle typen glutamatreseptorar. Myelinet vernar nervefibrane og aukar samstundes farten på nerveimpulsane. Hos personar med multippel sklerose blir myelinet gradvis øydelagt, og dei får dermed også øydelagt motorikken, fordi signala ikkje når fram til musklane.
- Me trur at ei av årsakene til dette kan vera at for stor kalsiumfrigjering forårsaka av glutamatreseptorane er med på å øydeleggja myelinet. Dersom glutamat av ein eller annan grunn hopar seg opp utanfor cellene i hjernen, blir det som ei gift for oss. Dette skjer til dømes ved hjerneslag fordi glutamatpumpene i cellemembranen stoggar når blodforsyninga sviktar, forklarar ho.
- Oppdaga det som doktorstipendiat
- Det morosame er jo at eg som doktorstipendiat i 1997 gjorde eksperiment som kunne tyda på at desse spesielle glutamatreseptorane også fanst i myelinet. Men då trudde eg at dette berre var bakgrunnsstøy fordi funnet ikkje var underbygd av anna forsking.
- I samarbeid med gruppa i London har me no fått fram funksjonelle data som syner at NMDA-reseptorane er der og vert aktiverte ved oksygenmangel. Eg ville aldri ha klart å prova dette som stipendiat. Men det er svært tilfredsstillande for meg å sjå at eg ikkje tok feil den gongen, og samtidig få publisert dette funnet saman med andre forskarar som har oppdaga det same, seier ho nøgd. Det vart gjort tallause laboratorieforsøk både i Oslo og i London.
Kappløp
Då artikkelen var ferdigskriven, byrja kappløpet om å få
publisert den i Nature.
- Etter kvart viste det seg at andre forskarar i Canada og i
England var komne på sporet av det same, og det enda med at
det blei publisert tre artiklar om det same temaet i det same
nummeret av Nature. Det ville kanskje ha vore endå større
stas om me hadde vore åleine om funnet vårt, men no har me
desto betre vitskapleg grunnlag for å seia at det er slik som
me har påvist, konstaterer ho.
Forska på muskelceller
Linda H. Bergersen byrja den akademiske karrieren sin med å forska på muskelceller ved Noregs Idrettshøgskule. Seinare fekk ho doktorgradsstipend for å forska på mjølkesyretransportørar. Etter eit lengre opphald i Sveits, kom ho tilbake som seniorforskar ved Senter for molekylærbiologi og nevrovitskap på UiO.
- Det har vore fantastisk fint å få jobba saman med så store inspiratorar som Jon Storm-Mathisen og Ole Petter Ottersen. Det var Ottersen som var rettleiar for meg under doktorgradsarbeidet, understrekar ho. Likevel meiner ho det er viktig å søkja mot utlandet for å få god nok økonomisk støtte og fagleg stimulans til grunnforsking.
- Det er eit EU-samarbeid koordinert av Jon Storm-Mathisen som ligg bakom samarbeidet med forskargruppa til David Attwell. Som forskar er det svært vanskeleg å få midlar i Noreg. Av dei som søkjer Noregs forskingsråd om finansiering av frie grunnforskingsprosjekt, er det berre ein av ti som får tilslag. Dei fleste som det utanlandske ekspertpanelet finn støtteverdige, vert avviste. Dei me samarbeider med i utlandet kan ikkje skjøna kvifor dei økonomiske vilkåra for grunnforsking er så dårlege i Noreg, seier Bergersen.
- Korleis kan funnet de har gjort koma til nytte?
- Det fine er at det gir oss høve til å finna ny medisin mot multippel sklerose og andre sjukdomar med skade på myelinet. Fordi NMDA-reseptorane på myelinet er litt ulike dei på nervecellene, er det håp om å finna stoff som kan blokkera dei selektivt. Men eg vil understreka at dette er grunnforsking, så me kan ikkje lova for mykje. I alle fall er det eit nytt spor å fylgja for å finna fram til ein medisin som kan dempa utviklinga av multippel sklerose før pasienten blir ordentleg dårleg, seier ho.
- Kor stort er det for deg å få publisert denne vitskaplege artikkelen i Nature?
- Det er det største som eg til no har oppnådd som forskar, jublar ho.
Logg inn for å kommentere