Geir Ellingsruds første dag som rektor

I dag har Geir Ellingsrud hatt sin første arbeidsdag som rektor ved Universitetet i Oslo. - Heile rektoratet skal no gå i gang med å gå gjennom både studiereforma og finansieringsmodellen, slår han fast overfor Uniforum.

STUDIEREFORMA: - Heile rektoratet skal no gå i gang med å gå gjennom både studiereforma og finansieringsmodellen, slår Geir Ellingsrud fast første dag som rektor.
Foto: Grethe Tidemann

Då Geir Ellingsrud kom på jobb klokka åtte i dag tidleg, oppdaga han at det også var ein viss medieinteresse for den nye jobben hans.

- Då stod NRK-Østlandssendinga utanfor inngangsdøra og filma meg medan eg var på veg inn i Administrasjonsbygningen for å ta heisen opp til rektorkontoret i 9. etasje. Bortsett frå dette har det vore ein innflyttingsdag der eg har fått høve til å installera meg på kontoret.

- Korleis blei du tatt imot av dei tilsette på Universitetsdirektørens kontor?

- Dei tok imot meg på ein hjarteleg og vennleg måte. Og elles har eg hatt ein heilt grei dag med berre to møte,

- I morgon skal du opna Fagleg-pedagogisk dag saman med kunnskapsminister Øystein Djupedal. Får du tid til noko lengre møte med han då?

- Me får vel først og fremst etablert kontakt, og så skal eg ta han med på ei sju minuttar lang dokketeaterframsyning av Et dukkehjem. Seinare vil me prøva å få i stand eit meir formalisert møte med statsråden.

- Du er professor i matematikk. Får du tid til å pleia matematikken?

- Nei, det blir det nok ikkje tid til, bortsett frå å lesa eit par vitskaplege artiklar innimellom.

- Korleis vil dei tilsette merka at UiO har fått ny rektor?

- Dei vil truleg ikkje merka nokon skilnad med det same, men etter kvart håpar me at dei vil sjå at me gjer ting annleis enn det tidlegare rektoratet. Både prorektor Haakon Breien Benestad, viserektor Inga Bostad og eg har allereie vore på besøksrunde til alle fakulteta. Målet er at me også snart skal ha vore på besøk til alle institutta, fortel han. Men møterutinane blir det førebels inga endring på.

- Det er viktig at det finst kontinuitet i det me gjer, så me kjem til å halda fram med dei same møtene som før. Men me vil heile tida vurdera organiseringa av møtestrukturen til universitetsleiinga.

- Korleis blir ein vanleg arbeidsdag for deg dei neste fire åra?

- Eg skal i alle fall lova at ingen skal få ein e-post frå meg klokka fire om morgonen. Dagen min kjem truleg til å starta klokka sju om morgonen og så vil eg halda på eit par timar over vanleg arbeidstid. I tillegg må eg stilla opp på mange kveldsarrangement. I alle fall så skal eg prøva å ta heilt fri kvar sundag.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 2. jan. 2006 14:53 - Sist endra 10. des. 2008 15:06
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere