Universiteta får ha bygningane sine i fred
Universiteta skal halda fram med å forvalta bygningane sine sjølve. Det er klart etter at Stortinget under handsaminga av statsbudsjettet gjekk imot eit forslag frå den førre regjeringa om å vurdera å skilja ut bygningane og samla dei i det statlege selskapet Undervisningsbygg A/S. Både teknisk direktør Frode Meinich og NTL-leiar Anita K. Solhaug er svært glade for denne avgjerda.

I budsjettinnstillinga frå Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen peikar fleirtalet frå Arbeidarpartiet, SV og Senterpartiet på at bygningane som universiteta og dei vitskaplege høgskulane disponerer, er spesialbygg. Difor ser fleirtalet det som uheldig om bygningane ikkje lenger skal forvaltast av brukarane.
Fleirtalet meiner difor at prosessen med å oppretta eigne forvaltingsselskap skal stansast og vurderast på nytt. Dei viser også til at det må gjerast noko med vedlikehaldsetterslepet. Samtidig ber dei om at det blir lagt fram ei ny vurdering i samband med statsbudsjettet for 2007. Også stortingsfleirtalet røysta for dette då statsbudsjettet blei endeleg vedtatt før jul.
Teknisk direktør Frode Meinich synest dette var ei bra avgjerd.
- Eg er svært nøgd med utviklinga i denne saka. No kan me halda fast på heile den kompetansen me har i Teknisk avdeling og ta vare på det gode fagmiljøet. Dessutan er totalvurderinga mi at det også vil gi oss ei betre forvalting fordi endringar og avgjerder skjer nærmare brukarane, seier han til Uniforum.
Urealistiske planar
Det var i juni 2004 den førre regjeringa sette ned eit eige utval som fekk i mandat å foreslå endringar som kunne gi ei mest mogleg effektiv statleg bygge- og eigedomsforvalting. Utvalet blei leidd av Moderniseringsdepartementet, men det hadde representantar frå sju andre departement, Statsbygg og Forsvarsbygg. Innhaldet i rapporten blei presentert for regjeringa under budsjettkonferansen for 2006-budsjettet i mars 2005.
Den store gulrota i rapporten var forslaget om å bruka ni milliardar kroner i vedlikehald på universitets- og høgskulebygningane. På den måten kunne vedlikehaldsetterslepet takast igjen over ein periode på fem til ti år. Ei utgift på 750 millionar kroner til permanent vedlikehald, skulle finansierast gjennom å auka husleiga. Planen var at alle bygningane skulle overførast til det statlege selskapet Undervisningsbygg A/S frå den 1. januar 2007. Meinich meiner at det var heilt urealistisk å få gjennomført dette på så kort tid.
- Universitetet i Oslo har åleine ein samla bygningsmasse på 500 000 kvadratmeter. Å få overført dette til eit nytt statleg selskap samtidig som nye arbeidskontraktar skulle forhandlast med dei tilsette og fagforeiningane, ville vore heilt umogleg å få til på under eitt år, slår han fast.
Uheldig prosess
Han synest også at heile prosessen rundt forslaget om å skilja bygningane frå utdanningsinstitusjonane har vore heilt gal.
- For det første har ingen frå universiteta eller høgskulane sete i utvalet som la fram denne rapporten. Og den har heller ikkje blitt sendt ut på høyring til dei institusjonane som i høgste grad ville ha merka det, dersom forslaget hadde blitt gjennomført. Heldigvis har Utdannings-og forskingsdepartementets representant i utvalet presentert synet vårt gjennom ein protokolltilførsel, men vedkomande tilhøyrde ikkje fleirtalet, presiserer han.
Meinich ser også ein annan grunn til at forslaget no blir
vraka.
- Det kan også vera at innsparingspotensialet ikkje blir så
stort som fleirtalet i utvalet påstod det ville bli. I alle
fall vil det krevja store ekstra ressursar i kroner og øre å
få vedlikehalde alle desse bygningane og få forvalta dei på
ein ordentleg måte. Difor er eg svært nøgd med at
komitéfleirtalet har bite seg merke i dette og ber om at noko
må gjerast med dette i samband med statsbudsjettet for 2007,
konstaterer han.
Større enn Statsbygg
Sjølv trur han ikkje at staten ville ha tent noko særleg på ei slik omorganisering.
- Det statlege selskapet Undervisningsbygg A/S ville ha blitt større enn Statsbygg, og det ville ha vore naudsynt med ei eiga forvaltingseining ved UiO i tillegg. Denne ville berre ha fungert som eit Glava-lag mellom brukarane og Undervisningsbygg A/S. Det ville aldri ha fått den gode dialogen med fakultet og andre einingar som Teknisk avdeling har i dag, konstaterer han.
- Heilt fantastisk!
Også Anita Solhaug, som er leiar for Tenestemannslaget ved UiO, set stor pris på avgjerda om å lata universiteta få ha bygningane sine i fred.
- Det synest eg er heilt fantastisk og heilt sikkert eit resultat av at me har fått ny regjering. Eg håpar at me no slepp fleire marknadstilpassa tiltak og let offentleg sektor vera offentleg sektor, og at me ikkje heile tida kopierer ordningar frå privat sektor. Tenestemannslaget har jobba mykje med denne saka politisk. Difor synest eg at det er så flott at Stortinget sa nei til dette forslaget, slår ho fast.
Anita Solhaug synest det er på sin plass å kopla den saka til UiO-styrets vedtak om å utsetja innføringa av ei reell internhusleige på universitetet.
- Det var kanskje det aller beste nyhendet eg fekk før jul. Dette vil truleg gjera det mogleg å koma ut av sporet med å driva pengeflytting internt på universitetet. Dermed kan me få ein annan diskusjon om korleis det er mogleg å forvalta bygningane våre på ein best mogleg måte, meiner Solhaug.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere