Fekk 450 000 kroner i julegåve frå UiO

Dei to matematikarane Paul Arne Østvær (t.v.) og Sergey Neshveyev fekk tildelt 450 000 kroner kvar av UiO like før jul. Bakgrunnen for påskjøninga var den gode innsatsen dei gjorde i konkurransen om dei europeiske prisane for unge forskarar.

JULEGÅVE: Matematikarane Paul Arne Østvær (t.v) og Sergey Nesveyev fekk tildelt 450 000 kroner kvar frå UiO etter sterk innsats i den europeiske konkurransen for unge forskarar i 2005.
Foto: Martin Toft

Det var under julebordet til Matematisk institutt tidlegare rektor Arild Underdal var julenisse og kunngjorde at universitetsleiinga hadde bestemt seg for å tildela 450 000 kroner til dei to unge og lovande matematikarane Sergey Neshveyev og Paul Arne Østvær. Begge arbeider som førsteamanuensar ved Matematisk institutt.

- Me visste ingenting om kva planar han hadde, då han dukka opp på julebordet vårt. Men me er svært takksame for denne julegåva, som vil gi oss høve til både å reisa på konferansar i utlandet og til å arrangera konferansar og seminar på instituttet. Dessutan kan me lettare dra på besøk til forskarkollegaer i andre land, seier Neshveyev og Østvær. Begge deltok i konkurransen European Young Investigators Awards, men det var Snorre Harald Christiansen frå Senter for bruksretta matematikk (Centre of Mathematics for Application ) som gjekk bort og vann eit av dei 25 hovudstipenda på 10 millionar kroner. Både Neshveyev og Østvær byrja å interessera seg for matematikk i den vidaregåande skulen.

- Men det var først og fremst interessa for faget som gjorde at me valde ein forskarkarriere framfor å jobba i industrien eller i ei rein undervisningsstilling, fortel dei. Neshveyevs spesialfelt er operator algebraer, medan Østvær forskar i algebraisk topologi.

- Det er viktig for oss å få høve til å takka administrasjonen ved instituttet og forskarkollegaene våre for all hjelp dei gav til oss då me skulle søkja om å delta i konkurransen European Young Investigators Awards, understrekar dei. Verken Østvær som kjem frå Oslo, eller Neshveyev som kjem frå Ukraina, har planar om å forlata UiO til fordel for eit meir prestisjefylt universitet.

- Me tvilar på om det finst betre matematiske institutt i våre næraste naboland. Dessutan har me forskarkollegaer i våre eigne spesialfelt her, konstaterer dei.

Emneord: Priser, Forskning, Naturfag Av Martin Toft
Publisert 13. jan. 2006 10:26 - Sist endra 10. des. 2008 14:58
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere