Nettsider med emneord «Økonomi» - Side 7

Publisert 6. okt. 2010 15:26

Vi ser årets budsjett som en opptakt til et betydelig løft i årene som kommer, skriver rektoratet.

Publisert 3. mars 2014 12:53

Vi kan imidlertid ikke akseptere at Uniforum trykker rene usannheter i redaksjonelt stoff, skriver advokat Tim V. Midgaard i Opplysningsvesenets fond.

Publisert 20. nov. 2000 12:27

Budsjettforliket mellom Arbeidarpartiet og sentrumspartia inneber at universiteta får 210 millionar kroner ekstra i høve til det opprinnelege budsjettframlegget frå regjeringa. - No kan universiteta sitt omstillingsarbeid halda fram, seier rektor Kaare R. Norum ved Universitetet i Oslo.

Publisert 4. okt. 2000 17:16

Regjeringa ynskjer å løyva 20 millionar kroner til vedlikehald og restaurering av Urbygningen og Midtbygningen i Oslo sentrum. I tillegg går regjeringa inn for å løyva to millionar kroner til innkjøp av utstyr til dei to bygningane. Det går fram av framlegget til statsbudsjett for 2001 frå Kyrkje,-utdannings- og forskingsdepartementet. Til saman får UiO ei løyving på 2,196 milliardar kroner.

Publisert 12. okt. 2000 09:57

Høgre er ikkje nøgd med regjeringa sitt framlegg til budsjett for høgare utdanning og forsking. Det stadfestar stortingsrepresentant Petter Løvik, som er medlem av Høgres fraksjon i KUF-komiteen.

Publisert 9. okt. 2000 09:32

- Det er uakseptabelt å redusera talet på studieplassar på universiteta med 1326 utan at finansieringsordninga som er knytt til studenttalet samtidig blir forandra, seier SVs utdanningspolitiske talsmann Rolf Reikvam. Også Venstres Odd Einar Dørum synest utdanningsbudsjettet er dårleg.

Publisert 6. nov. 2000 16:42

Universitetet i Oslo må spara inn 81 millionar kroner på budsjettet for neste år dersom regjeringa sitt framlegg til universitetsbudsjett blir vedtatt av Stortinget. Det opplyser universitetsdirektør Tor Saglie til Uniforum.

Publisert 7. nov. 2000 16:52

Universitetet i Oslo held torsdag 16. november klokka 1400 ei markering i protest mot regjeringa sitt framlegg til universitetsbudsjett. - Me håpar å fylla heile Universitetsplassen i Sentrum med folk under denne aksjonen, seier rektor Kaare R. Norum.

Publisert 6. des. 2000 14:50

Universitetet i Oslo får 84 millionar av dei 213,5 millionar kronene universiteta får i ekstraløvying etter budsjettforliket mellom sentrumspartia og Arbeidarpartiet. Det går fram av budsjettinnstillinga til KUF-komiteen.

Publisert 17. nov. 2000 10:39

Over 2000 studentar og tilsette ved Universitetet i Oslo deltok torsdag 16. november i demonstrasjonen mot regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett. Markeringa blei organisert av Studentparlamentet, Forskarforbundet 2FO og Norsk Tenestemannslag, men hadde full støtte frå universitetsleiinga.

Publisert 21. feb. 2001 13:54

Dekanane ved SV- og HF-fakulteta er mest misnøgde medan dekanen ved Det teologiske fakultetet er mest nøgd med fordelinga av omstillingspengane ved UiO. Det viser ei rask rundspørjing som Uniforum har gjort.

Publisert 19. juli 2001 13:44

Universitets- og høgskulesektoren må ha ei ekstraløyving på minst 200 millionar kroner i året for å få dekka inn dei indirekte utgiftene stipendiat- og postdoktorstillingane påfører dei. Det har ei arbeidsgruppe nedsett av Universitets- og høgskulerådet rekna ut. Stortingets utdanningskomité gir dei medhald, og ber regjeringa om å løyva pengar til dette på statsbudsjettet for neste år.

Publisert 10. okt. 2001 12:10

Kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Trond Giske tar innersvingen på journalistane og inviterer til pressekonferanse om budsjettframlegget for 2002 torsdag 11. oktober kl. 8.30, i god tid før budsjettproposisjonen blir tilgjengeleg klokka 10.00.

Publisert 11. okt. 2001 18:45

- Vi har overoppfylt våre valgkampløfter, sa KUF-minister Trond Giske da han la fram departementets forslag til budsjettet for 2002. Han viste til at forskningen får 1,7 milliarder kroner mer enn i år. - Økningen kommer på de øremerkede områdene. For den enkelte forskers drift er situasjonen minst like presset som før, påpeker rektor Kaare R. Norum.

Publisert 29. nov. 2001 11:32

Det kan koma pengar til nytt informatikkbygg for Institutt for informatikk ved UiO på det endelege statsbudsjettet for neste år. Denne spådommen kom leiar for Stortingets KUF-komité, Rolf Reikvam med, etter at studentar og tilsette ved IFI hadde demonstrert for nytt informatikkbygg utanfor Stortinget onsdag 28. november.

Publisert 14. des. 2001 13:51

Det blir truleg gitt klarsignal for bygging av nytt informatikkbygg i Gaustadbekkdalen under handsaminga av revidert budsjett til våren. Det er klart etter at Stortingets KUF-komité ber regjeringa om at IFI-bygget må reknast som eit ordinært statleg byggjeprosjekt. - Eit nytt bygg kan truleg stå klart i 2005, seier assiterande universitetsdirektør Inger Stray Lien til Uniforum.

Publisert 23. apr. 2002 16:38

Universiteta og høgskulane skal i framtida kunne tene pengar på oppfinningar som er gjorde av lærarar og vitskapleg tilsette. Det er klart etter at lærarunntaket i lov om retten til oppfinningar gjorde av arbeidstakarar truleg blir oppheva. Føresetnaden er at Odelstingsproposisjon nr 67 (2001- 2002), som regjeringa la fram før helga, blir vedtatt av Stortinget. Dette unntaket har gjort at forskarar ved institusjonane i dag sit med retten til næringsmessig utnytting av eigne oppfinningar

Publisert 7. juni 2002 10:37

- Det var ei stor utfordring å byggja opp eit tilsynsorgan som Eining for Intern revisjon i ein kultur der kontroll er eit banneord, og der kontroll er basert på tillit. Det seier revisjonsdirektør Gerd Thorsen som etter 28 år ved UiO takkar for seg.

Publisert 3. okt. 2002 15:54

- Studentane og forskinga er vinnarane i budsjettframlegget for 2003. Det gav utdannings- og forskingsminister Kristin Clemet klart uttrykk for under pressekonferansen etter at forslaget til statsbudsjett hadde blitt presentert for Stortinget.

Publisert 3. okt. 2002 13:09

UiO får tildelt rundt 2,778 milliarder kroner for neste år. I fjor ble UiO tildelt 2,554 milliarder kroner for 2002 i det salderte budsjettet. Sammen med tidligere bevilgninger får UiO 124 millioner til gjennomføring av Kvalitetsreformen.

Publisert 11. des. 2002 13:23

- Universitetsbudsjettet er sjølvsagt prega av at Finansdepartementet "lurte oss" for den løns- og priskompensasjonen som me hadde rekna med. Men samtidig har me fått nok pengar til å kunna setja i gang med Kvalitetsreforma , fastslår budsjettsjef Per Heitmann ved UiO.

Publisert 17. jan. 2003 09:38

- Alle UiO-tilsette som skal på tenestereise må halda fram med å nytta seg av den sentrale reisebyråavtalen til universitetet. Det vil ikkje bli billegare å tinga reiser via Internett, konstaterer Per Leikvang i Innkjøpsseksjonen i Økonomi-og planavdelinga.

Publisert 6. jan. 2003 09:40

- Jeg tror Universitetet i Oslo har godt av å bli utsatt for hardere konkurranse. Men dette forutsetter at vi får anledning til å konkurrere på samme vilkår som de andre norske forsknings- og utdanningsinstitusjonene, sier rektor Arild Underdal ved Universitetet i Oslo i et intervju ved årsskiftet.

Publisert 15. mai 2003 14:16

Regjeringa foreslår 800 millionar kroner ekstra til Fondet for forsking og nyskaping og 200 millionar kroner til eit Ludvig Holbergs minnefond. Det er ikkje foreslått ei krone meir til gjennomføringa av Kvalitetsreforma. Det går fram av forslaget til revidert budsjett 2003, som blei lagt fram torsdag 15. mai.

Publisert 21. mai 2003 10:53

Hadde du regnet med lønnsutbetaling i juni måned? Glem det! Ved UiO utbetales ikke lønn neste måned. Til gjengjeld får du feriepenger.