Universiteta får tena pengar på forskingsresultata

Universiteta og høgskulane skal i framtida kunne tene pengar på oppfinningar som er gjorde av lærarar og vitskapleg tilsette. Det er klart etter at lærarunntaket i lov om retten til oppfinningar gjorde av arbeidstakarar truleg blir oppheva. Føresetnaden er at Odelstingsproposisjon nr 67 (2001- 2002), som regjeringa la fram før helga, blir vedtatt av Stortinget. Dette unntaket har gjort at forskarar ved institusjonane i dag sit med retten til næringsmessig utnytting av eigne oppfinningar

Statsråd Kristin Clemet vil at universiteta skal kunna tena pengar på forskingsresultata.
Foto: Ståle Skogstad

Lovendringane tek sikte på å leggje tilhøva betre til rette for at universitet og høgskular kan engasjere seg sterkare i arbeidet med å utnytte forskingsresultat økonomisk i form av patent. Det er eit mål at samfunnet skal få eit visst utbyte av investeringar i desse institusjonane, går det fram av ei pressemelding frå Utdannings- og forskingsdepartementet.

I proposisjonen byggjer regjeringa på eit utval der Jan Fridthjof Bernt var leiar (NOU:2001:11 Fra innsikt til industri).

Rett til publisering

For å sikre forskarane høve til open spreiing av kunnskap, blir det samtidig foreslått å innføre eit nytt unntak frå dei generelle reglane i lova. Det nye unntaket inneber at lærarar og vitskapleg personale i heile eller delte stillingar ved universitet og høgskular får ein lovfesta rett til å publisere forskingsresultata sine, sjølv om dette kan hindre institusjonen i å utnytta oppfinninga. Men forskaren må varsle institusjonen dersom det ligg føre eit forskingsresultat eller ei oppfinning som kan patenterast.

For at institusjonen ikkje skal kunne overta retten til oppfinninga, må publiseringsretten ha blitt nytta innan eit år etter at institusjonen fekk varsel.

Deling av inntekter

Eventuelle inntekter frå oppfinningar skal fordelast mellom forskar og institusjon. Det er ikkje foreslått å lovfeste nokon fordelingsnøkkel mellom forskar og institusjon eller på kva måte institusjonen skal bruke sin del av eventuelle inntekter. Ved ekstern finansiering av forskingsprosjekt må det setjast opp særskilde avtalar mellom institusjon, finansieringskjelde og forskar før prosjektet blir sett i gang.

Kommersialiseringsapparat

Forslaget tek omsyn til rettar og plikter for både forskar og institusjon. Forslaget gjer det også praktisk lettare å organisere arbeidet med næringsmessig utnytting av oppfinningar, fordi forskarane kan få hjelp av institusjonen i kommersialiseringsarbeidet. Institusjonane må organisere eit apparat som kan sikre dei rettane som forskar og institusjon vil ha etter lov og som syter for at oppfinningar blir patenterte og formidla vidare til næringslivet.

I Ot. prp. nr. 40 (2001-2002) har regjeringa foreslått å endre universitets- og høgskolelova slik at institusjonane får eit større ansvar for å sikre at forskingsresultat blir brukte. Forslaga i dei to proposisjonane må sjåast i samanheng, presiserer departementet.

Emneord: Økonomi, Forskning
Publisert 23. apr. 2002 16:38 - Sist endra 10. des. 2008 16:07
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere