Universitetet i Oslo fekk til saman 92,2 millionar kroner ekstra i høve til det opprinnelege budsjettframlegget frå Regjeringa, då Stortinget vedtok det endelege utdanningsbudsjettet for 2001. Rundt 44,1 millionar kroner av desse pengane skulle gå til tilbakeføring av kutt knytte til studieplassreduksjon og kompensasjon for løns- og prisstiging. Resten av pengane, 44,641 millionar kroner, var øyremerkte omstilling ved UiO.
Denne veka vedtok Kollegiet korleis desse pengane skulle
fordelast. Frå før var det klart at alle fakulteta får
tilbakeført forskingsdelen av studieplasskuttet, rundt 12
millionar kroner.
Fakultetsvis har omstillingspengane blitt fordelte slik:
Det historisk-filosofiske fakultetet
Omstillingspengar: 3,1 millionar
Tilbakeføring for studieplasskutt: 1,596 millionar kroner
medan fakultetet hadde rekna med 3 millionar kroner.
Kommentar frå dekan Even Hovdhaugen:
- Dette er ein uventa kalddusj i lys av det
universitetsleiinga sa etter budsjettforliket. Teatervitskap
og musikk blir råka beinhardt. På musikk vil storfaget truleg
bli borte, og me må også skjera ned på undervisninga. Me blir
også nøydde til å skjera ned på reiseverksemda til dei
tilsette.
Det samfunnsvitskaplege fakultetet:
Omstillingspengar: 2,690 millionar kroner
Tilbakeføring for studieplasskutt: 3,2 millionar kroner, men
fakultetet hadde rekna med 4 mill. kroner
Kommentar frå dekan Marit Melhuus:
- Vårt argument er at tilbakeføringa av pengar i samband med
studieplasskuttet må leggjast tilbake til grunnløyvingane til
fakultetet. Me har ingenting imot omstilling og me er glade
for at me har fått omstillingspengar, men reint prinsipielt
burde desse pengane gått tilbake til grunnløyvingane til
fakultetet. Sidan me ikkje får alle dei pengane me hadde
rekna med, vil dette gå utover driftsbudsjettet, ikkje minst
bruken av hjelpelærarar.
Det medisinske fakultetet:
Omstillingspengar: 4,057 millionar kroner
Kommentar frå dekan Stein A. Evensen:
- Dette var omtrent det me kunne klara å få til. Dette året
har me prioritert forskinga og forskingsorganiseringa på
topp. Samtidig er me svært leie for at framlegget om å løyva
pengar til "Ferdighetssenteret" er hamna under streken, og
dermed ikkje får dei pengane det treng. Budsjettsituasjonen
vår er at me har hamna i den same armoden som me var i i
fjor. Forskingsrådet er budsjettvinnaren. Det må bli slutt på
at NFR sender underfinansierte stipendiatar til oss. Eit anna
problem er øyremerkte forskarstillingar til kvinner som kjem
utan tilhøyrande pengeløyvingar. Det er
kvinnediskriminerande, meiner eg.
Det odontologiske fakultetet:
Omstillingspengar: 1,5 millionar kroner
Kommentar frå dekan Hans R. Haanæs:
- Utifrå forholda, så er me nøgd med det me har fått tilbake
i omstillingspengar. Når det gjeld heile budsjettet, så vil
det framleis ver
a til hovudbry for oss. Men me ser ikkje mørkt på situasjonen
framover, sjølv om me som dei fleste andre fakulteta sit med
kniven på strupen, og håpar på meir pengar ved neste
budsjettrunde.
Det teologiske fakultetet:
Omstillingspengar: 1,1 millionar kroner
Kommentar frå dekan Trond Skard Dokka:
- Me er godt nøgde med tanke på det me hadde håpa på. Denne
summen er nemleg dobbelt så stor som den me fekk i fjor, så
det tolkar me som ei anerkjenning frå universitetsleiinga for
ein god søknad, og eit prov på at me er inne på eit rett spor
når det gjeld omstillingsprosjekt ved dette fakultetet.
Det juridiske fakultetet
Omstillingspengar: 1,610 millionar kroner
Kommentar frå fakultetsdirektør Benedicte Rustad:
- Til saman søkte me om 2,5 millionar kroner, men er
takknemlege for det me har fått. Pengane skal brukast til
vidareføring av undervisningsevaluering som tok til i 2000,
og som vil bli ført vidare. Ein annan ting som me har fått
pengar til og som me vil vidareføra i 2001, er IT-basert
undervisning. Me har også fått pengar til å sjå på
alternative eksamensformer på jus og til å setja i gang
forprosjektet om "Rettens internasjonalisering".
-
Det utdanningsvitskaplege fakultetet:
Omstillingspengar: 5,1 millionar kroner
Kommentar frå fakultetsdirektør Bjørnar Sarnes:
- Me søkte om 9,9 millionar kroner, men i utgangspunktet er
me likevel nøgde me dei pengane me har fått. Det vil gjera
det mogleg å føra vidare prosjekta som me sette i gang i
fjor. Likevel er det ikkje mykje til omstilling i ein sektor
med store behov og krav.
Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet:
Omstillingspengar: 10,3 millionar kroner
Universitetets kulturhistoriske museum:
Omstillingspengar: 1, 7 millionar kroner
Universitetets naturhistoriske museum:
Omstillingspengar: 1,8 millionar kroner
Universitetsbiblioteket:
Omstillingspengar: 0,0 kroner
Årsaka til at det ikkje er foreslått omstillingsmidlar til UB
for 2001 skuldast at ubrukte omstillingsmidlar frå 2000 er
tilstrekkeleg til å finansiera behova i 2001, står det i
budsjettforklaringa.
USIT:
Omstillingspengar: 2,5 millionar kroner
SFA:
Omstillingspengar: 2,7 millionar kroner
Informasjonsavdelinga og USIT:
Omstillingspengar: 1,0 millionar kroner
OPA:
Omstillingspengar: 0,376 millionar kroner
ØPA:
Omstillingspengar: 1,5 millionar kroner
Andre omstillingstiltak:
3,389 millionar kroner
Det er IKT som undervisningsform som stikk av med det største stykket av omstillingskaka. Til saman vil 17,4 millionar kroner gå til prosjekt som går inn under denne paraplyen. Det nest-største kakestykket går til prosjekt som har å gjera med justering av studieprofil. Det skal brukast 13,0 millionar kroner til dette.
Kollegiet vedtok denne veka også å flytta 2 millionar kroner av omstillingspengane frå spesielle satsingar til generell tilbakeføring av studieplasskuttpengar. Det blei også vedtatt å øyremerka tre stillingar til kvinner.
Logg inn for å kommentere