Forskingssatsing kostar universiteta 200 millionar

Universitets- og høgskulesektoren må ha ei ekstraløyving på minst 200 millionar kroner i året for å få dekka inn dei indirekte utgiftene stipendiat- og postdoktorstillingane påfører dei. Det har ei arbeidsgruppe nedsett av Universitets- og høgskulerådet rekna ut. Stortingets utdanningskomité gir dei medhald, og ber regjeringa om å løyva pengar til dette på statsbudsjettet for neste år.

- Underdekkinga av stipendiatstillingane går ut over nivået på rettleiinga og gjennomføringsgraden på doktorgradsstudiet, fastslår rådgjevar Per Heitmann ved UiO.
Foto: Ståle Skogstad

Det er stipendiat- og postdoktorstillingar finansierte av Noregs forskingsråd, Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet og helseforeiningar som gir utdanningsinstitusjonane ekstrakostnader fordi pengane som fylgjer med desse stillingane berre inkluderer lønn, og ikkje utgifter til kontorhald, telefon- og PC-bruk og areal. Universitets- og høgskulerådet krevde i eit brev til Stortingets finanskomité frå 30. mai, at Stortinget skulle løyva 200 millionar kroner ekstra i løpet av 2001 for å fullfinansiera allereie etablerte stipendiatstillingar ved universiteta og høgskulane. Fleirtalet i Stortingets KUF-komité, det vil seia alle unnateke Arbeidarpartiets medlemar, gav under handsaminga av revidert nasjonalbudsjett klar støtte til dette kravet. Difor gav fleirtalet i komiteen klar melding til regjeringa om å løyva pengar på det komande statsbudsjettet til betre finansiering av eksiterande rekrutteringsstillingar. I tillegg bad dei regjeringa om å syta for at " de nye stipendiatstillingene som opprettes andre halvår 2001 finansieres fullt ut."

Underdekking på 200 millionar

Universitets- og høgskulerådet har sett ned ein eigen forhandlingsdelegasjon, leia av assisterande universitetsdirektør Inger Stray Lien, som har som mål å få heva satsane for NFR- og KUF-finansierte stipendiat- og postdoktorstillingar. Sekretariatet til forhandlingsdelegasjonen, populært kalla "NFR-kameratene", er sett saman av Kari Lindbekk ved Studie- og forskingsadministrativ avdeling, Trond Tveit Selvik ved Organisasjons- og personalavdelinga og rådgjevar Per Heitmann i Økonomi- og planavdelinga ved UiO. Dette sekretariatet har rekna ut at det vil vera ei årleg underfinansiering av stipendiatar og postdoktorar i universitets- og høgskulesektoren på minimum 180 millionar kroner. I tillegg kjem underfinansieringa av stipendiat- og postdoktorstillingar finansierte av helseforeiningar. Denne underdekkinga ligg på rundt 25 millionar kroner årleg, går det fram av eit notat forhandlingsgruppa har sendt til Universitets- og høgskulerådet. Når det gjeld Universitetet i Oslo, utgjer underdekkinga rundt 80 millionar kroner, opplyser rådgjevar Per Heitmann i Økonomi- og planavdelinga ved UiO til Uniforum.

Dårlegare gjennomføringsgrad

- Det er klart at dette går ut over nivået på rettleiinga og gjennomføringsgraden på doktorgradsstudiet. Til sist vil det også gå ut over tilbodet til dei andre studentane ved UiO fordi me ikkje kan bruka desse pengane på andre viktige tiltak ved universitetet. Dette har også ført til ein stagnasjon i talet på ferdige doktorgradar ved Universitetet i Tromsø og ein viss nedgang i doktorgradsproduksjonen ved dei tre andre universiteta i Noreg, fortel Heitmann. Han viser dessutan til at den sterke forskingssatsinga i Noreg føreset oppretting av rekrutteringsstillingar ved universiteta og høgskulane.

- Me er sjølvsagt glade for at det blir satsa på forsking, men så lenge desse stipendiatstillingane ikkje er fullfinansierte, fører det til at me må subsidiera desse stillingane med pengar frå grunnbudsjettet vårt. Det går ikkje i lengda, og difor krev me no at alle framtidige rekrutteringsstillingar må vera fullfinansierte, seier han.

Ny finansieringsmodell

Årsaka til at Universitet- og høgskulerådet tar dette opp no, er både den sterke opptrappinga av forskingsinnsatsen og KUFs arbeid med å laga ein ny finansieringsmodell for universitets- og høgskulesektoren.

- Difor er det viktig at det blir laga ein modell for fullfinansiering av eksternt finansierte stipendiat- og postdoktorstillingar som gjer at dette blir tatt omsyn til i ein ny finansieringsmodell, understrekar Heitmann. Forskingsrådet og universitets- og høgskulesektoren har til no vore samde om at dei indirekte utgiftene for kvar stipendiat skal utgjera rundt 15 prosent av dei samla kostnadane. Det vil seia at Forskingsrådet betalar 54 000 kroner årleg av dei samla indirekte utgiftene på 127 000 for kvar stipendiat. Mellomlegget på 73 000 kroner må universiteta og høgskulesektoren sjølve dekka. Likevel håpar Heitmann at også desse pengane vil bli dekka av staten.

- Nå har altså KUF-komiteen gitt oss medhald. Difor trur me at Kyrkje,- utdannings- og forskingsdepartementet ser behovet for å justera satsane på dei indirekte utgiftene for både dei gamle og dei nye stipendiat- og postdoktorstillingane dette departementet finansierer, seier Heitmann.

I august vil KUF fordela 50 millionar kroner til nye rekrutteringsstillingar. Då vil det bli klart kva satsar KUF kjem til å leggja seg på for rekrutteringsstillingar.

Emneord: Økonomi Av Martin Toft
Publisert 19. juli 2001 13:44 - Sist endra 10. des. 2008 15:03
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere