SV og Venstre vil auka utdannings- og forskingsbudsjettet

- Det er uakseptabelt å redusera talet på studieplassar på universiteta med 1326 utan at finansieringsordninga som er knytt til studenttalet samtidig blir forandra, seier SVs utdanningspolitiske talsmann Rolf Reikvam. Også Venstres Odd Einar Dørum synest utdanningsbudsjettet er dårleg.

- SV kjem aldri til å stemma for reduserte løyvingar til universiteta. Difor kan me heller ikkje støtta regjeringa sitt framlegg. Det verkar faktisk som om regjeringa ynskjer at universiteta skal ta heile kuttet på ein gong, i staden for å la innsparingane gå over fleire år slik den førre regjeringa la opp til, seier Reikvam. Han viser til at å redusera talet på studieplassar ikkje automatisk vil føra til at kostnadane vil gå ned ved eit universitet.

Hårreisande

- Om det er 10 færre studentar på ein forelesing, så vil forelesaren likevel trengja dei same ressursane som før til å førebu seg for dei studentane som er igjen. Det einaste dette fører til er at universiteta mister 30 000 kroner i overføringar for kvar tapt studieplass. Difor synest eg framlegget til universitetsbudsjett frå regjeringa er hårreisande.

SVs utdanningspolitiske talsmann meiner også at framlegget til forskingsbudsjett ikkje held mål. - Det trengst minst 1, 2 milliardar kroner i auka løyvingar kvart år dei neste fem åra om Noreg skal nå målet om å koma opp på gjennomsnittleg OECD-nivå. Med dette budsjettet vil det ta 15 år å nå dette målet, reknar han ut.

- Det blir ikkje meir forsking om ein tar pengar frå universiteta med den eine handa og tilfører dei same pengane til andre. Budsjettet må difor aukast med minst 600 millionar kroner, krev Reikvam.

Omstillinga kan ikkje venta

Statssekretær Randi Øverland i Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet forsvarar framlegget om å redusera talet på studieplassar ved universiteta.

- I dag er situasjonen slik i Noreg at alle ungdomar som går ut av den vidaregåande skulen får tilbod om plass ved eit universitet eller ein høgskule. Sidan ungdomskulla har blitt mindre, har også konkurransen om desse studentane auka frå private lærestader både i Noreg og i utlandet, seier ho.

Ho synest ikkje det går an å ta den naudsynte omstillinga over mange år slik universiteta ynskjer.
- Som utdanningsminister så gjekk også Lilletun inn for kutt på universitetsbudsjetta men fordelt over fleire år. Me meiner at det ikkje går an å venta lenger. Universiteta må ta resten av denne reduksjonen no. Dessutan har departementet rekna ut at UiO får eit nettokutt på 25 millionar kroner, og av eit budsjett på 2,2 milliardar kroner er det lite, synest ho.

Øverland viser også til at næringslivet har fått ei løyving på 200 millionar kroner som skal øyremerkast kjøp av forsking frå universitet og høgskular.
- Ein stor del av desse pengane vil koma Universitetet i Oslo til gode. I tillegg innfører me nettobudsjettering for universiteta slik at dei kan ha så store inntekter dei ynskjer. Det er nok på tide at universiteta går litt i seg sjølv, og vurderer om dei skal oppretthalda alle fag til evig tid eller om dei skal innføra nye fag slik høgskulane i stor grad har gjort, utfordrar statssekretæren.

Dårleg utdanningsbudsjett, meiner Venstre

Men Øverland får ikkje medhald frå Venstres utdanningspolitiske talsmann, Odd Einar Dørum.
- Dette budsjettet er svært dårleg og fylgjer på ingen måte opp stortingsvedtaket om å satsa enda meir på grunnforsking. For Venstre er det viktig å få gjort noko for å få auka løyvingane både til universiteta, høgskulane, forskinga og spesielt til den frie grunnforskinga, seier Dørum. Ellers er han oppteken av kor vanskeleg det er å få tak i innhaldet i dette budsjettet.

- Det er frykteleg vanskeleg tilgjengeleg og ikkje lett å forstå. Men eg kan lova at Venstre vil prioritera svært høgt å få auka utdannings- og forskingsbudsjettet, seier Dørum.

Emneord: Økonomi Av Martin Toft
Publisert 9. okt. 2000 09:32 - Sist endra 10. des. 2008 15:54
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere