Høgre lovar meir pengar til universiteta

Høgre er ikkje nøgd med regjeringa sitt framlegg til budsjett for høgare utdanning og forsking. Det stadfestar stortingsrepresentant Petter Løvik, som er medlem av Høgres fraksjon i KUF-komiteen.

- Høgre er også uroa over at framlegget inneber ei svekking av universitets-budsjetta. Gjennom mange år har Høgre kvart einaste år gjort framlegg om meir pengar for å styrkja løyvingane til høgare utdanning og forsking, seier Løvik. Han viser til at i samband med handsaminga av budsjettet for år 2000, foreslo Høgre ein auke på om lag 500 millionar kroner i høve til framlegget til regjeringa.

- Høgre er enno ikkje ferdig med utkastet til alternativt budsjett for 2001, men det er allereie klart at Høgres alternativ vil innehalda framlegg om auka løyvingar til høgare utdanning og forsking. Det er også klart at Høgre vil foreslå auka midlar til omstillingstiltak ved universiteta, opplyser Løvik til Uniforum.
-Me vil også halda fram med å jobba for å få til ei finansieringsform som ikkje vil knyta studenttal direkte saman med løyvingar til forsking og hovudfags-undervisning, lovar han.

Emneord: Økonomi Av Martin Toft
Publisert 12. okt. 2000 09:57 - Sist endra 10. des. 2008 15:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere