- Bruk reisebyråavtalen til UiO!

- Alle UiO-tilsette som skal på tenestereise må halda fram med å nytta seg av den sentrale reisebyråavtalen til universitetet. Det vil ikkje bli billegare å tinga reiser via Internett, konstaterer Per Leikvang i Innkjøpsseksjonen i Økonomi-og planavdelinga.

SPAR PENGAR: - Bruk reiseavtalane til UiO og spar pengar, oppfordrar seniorkonsulent Per Leikvang i Innkjøpsseksjonen.
Foto: Martin Toft

I dag har Universitetet i Oslo reisebyråavtale med Via Flyspesialisten. Akkurat no er Innkjøpsseksjonen i ferd med å lysa ut ein ny tilbodsrunde for å finna fram til det reisebyrået som kan gi universitetet det beste tilbodet. Det blir avgjort i april.

- Sjølv om Via Flyspesialisten frå i år vil ta gebyr for ein del av dei tenestene de kjem til å yta til kundane sine, vil det likevel svara seg å bruka dette reisebyrået framfor å tinga billettar direkte frå flyselskapa via telefon eller Internett. Flyselskapa kan nemleg ta enda høgare gebyr anten du brukar telefon eller Internett, seier Per Leikvang.

Han oppfordrar dei tilsette ved universitetet til å halda fram med å vera like flinke som før til å tinga rabatterte billettar framfor fullprisbillettar.

60 prosent rabatterte flybillettar

- Statistikken viser at 60 prosent av flybilletane som blir kjøpt av dei tilsette er rabatterte billettar medan rundt 40 prosent er fullprisbillettar. Det er ein langt høgare prosent enn andre statlege verksemder kan skryta av. Dersom dei rabatterte billettane hadde blitt omgjort til fullprisbillettar, ville kostnaden for universitetet vore 150 prosent høgare. På den måten har dei tilsette spart arbeidsgjevaren sin for mellom 20 og 30 millionar kroner, reknar Leikvang ut. Han viser til at UiO 2002 kjøpte 3000 flyreiser innanlands og 4700 flyreiser til utlandet.

- På enkelte flyreiser i Noreg er UiO og andre statsinstitusjonar pålagde å bruka flyselskapet Norwegian. Dette selskapet har spesialtilbod til staten som ein berre får brukt dersom ein brukar Via Flyspesialisten, fortel Leikvang, som også oppmodar alle som skal overnatta på hotell utanfor hovudstaden eller skal innlosjera UiOs gjester i Oslo til å bruka dei hotellkjedene som universitetet har avtale med.

11 000 overnattingar

- Kvart år er UiO ansvarleg for 11 000 overnattingar. Med dei hotellavtalane som me har, sparar me opptil 500 kroner for eit hotellrom i Oslo. Difor vil me oppmoda alle dei tilsette til å nytta seg av desse avtalane, understrekar han. UiO får også rabatt på reiser med NSB, og på leigebilar både hos Avis og Hertz, opplyser Leikvang til Uniforum.

Dette er dei sentrale reiseavtalane til UiO:

Reisebyrå:
VIA Flyspesialisten
Flyselskap:
Innanlands: Norwegian
Utanlands: SAS
KLM
Finnair
British Airways
Brüssel Airlines
Overnatting, kurs og konferansar:
Rainbow Hotels
Norlandia Hotels
Rica Hotels
First Hotels
Choice Hotels
Hotel Continental
Norske konferansesentre
Meeting Management
Kurs og konferansar til sjøs:
DFDS Seaways
Color Line
Transport og leigebil:
NSB
SAS Flybussen
AVIS
Hertz
Kredittkorttenester:
Diners Club
American Express

Emneord: Økonomi Av Martin Toft
Publisert 17. jan. 2003 09:38 - Sist endra 10. des. 2008 14:48
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere