Juli

Publisert 3. juli 2003 14:49

Jusprofessor Johs. Andenæs er død. Andenæs blei 90 år gamal. Han sovna inn i heimen sin tidleg om morgonen torsdag 3. juli, melder NTB. Han blei fødd i Innvik i Sogn og Fjordane 7. september 1912, og var professor i rettsvitskap ved UiO frå 1945 til 1982 Andenæs var rektor ved Universitet i Oslo frå 1970 til 1972.

Publisert 3. juli 2003 09:11

Ingen land kan ha ein identisk marknadsøkonomi eller planøkonomi. Alle modellane vil vera prega av dei nasjonale tradisjonane i dei landa dei blir brukte. Det er tesen til det internasjonale nettverket av vitskapsfolk som ser på samanhengen mellom kultur og økonomi.

Publisert 2. juli 2003 14:50

Frode Meinich er tilsett som ny teknisk direktør ved Universitetet i Oslo. Han etterfylgjer Tore Christoffersen, som har valt å trappa ned etter 12 år som teknisk direktør.

Publisert 2. juli 2003 13:42

Professor Gunnar Handal ved Pedagogisk forskingsinstiutt, UiO er tildelt Kristian Ottosen-prisen 2003. Han får prisen blant anna for det utrøyttelege og iherdige arbeidet han har drive for å betra læringsmiljøet til studentane. Prisen er på 50 000 kroner. - Eg synest dette var ei fantastisk og uventa påskjøning, seier Gunnar Handal til Uniforum.