Geir Ulfstein ny direktør for Norsk senter for menneskerettar

Jusprofessor Geir Ulfstein er tilsett som ny direktør ved Norsk senter for menneskerettar. Han etterfylgjer Nils Butenschøn som har sete i stillinga sidan 1999. Ulfstein tar til i jobben 1. januar.

NY DIREKTØR: Professor i offentleg rett, Geir Ulfstein, er tilsett som ny direktør for Norsk senter for menneskerettar, UiO.

Det var Universitetsstyret tilsette Geir Ulfstein som ny direktør for Norsk senter for menneskerettar.

Ulfstein er i dag tilsett som professor ved Institutt for offentleg rett ved Det juridiske fakultetet, UiO. Han tok doktorgraden ved UiO i 1995. I dag er han visestyrar ved Institutt for offentleg rett. Tidlegare har han arbeidd som dommar i Byretten i Tromsø og i Hålogaland lagmannsrett.

Han har også vore forelesar i offentleg rett ved Universitetet i Tromsø, der han framleis er engasjert som gjesteprofessor. Han har arbeidd både med samiske rettsspørsmål, med fiskerirett og med miljøvernlovgjeving. Ulfstein har også sete i styret for Psykososialt senter for flyktningar og asylsøkjarar.

Saman med NUPI-forskarane Henrik Thune og Espen Barth Eide skreiv han notatet "Krig mot Irak. Foreligger det et FN-mandat for bruk av militærmakt?" Det blei skrive 27. februar i år, altså nokre veker før krigen mot Irak tok til. Juristen Geir Ulfstein overtar stillinga som direktør etter statsvitaren Nils Butenschøn.

Emneord: Tilsetjing, Menneskerettar, Sentrene Av Martin Toft
Publisert 2. juli 2003 15:26 - Sist endra 10. des. 2008 15:06
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere