Frode Meinich ny teknisk direktør

Frode Meinich er tilsett som ny teknisk direktør ved Universitetet i Oslo. Han etterfylgjer Tore Christoffersen, som har valt å trappa ned etter 12 år som teknisk direktør.

Universitetsstyret vedtok for kort tid sidan å tilsetja Frode Meinich som ny teknisk direktør ved UiO. Meinich kjem frå ei stilling som seniorkonsulent i selskapet Commitment. Der har han vore sidan 2000, og blant anna vore prosjektkoordinator for Telenors konsernprosjekt Telenor VSL. Akkurat no er han engasjert av Telenor Forsking og Utvikling for å testa ut eit system der det vil gå an å tinga filmar via nettet til ditt eige fjernsyn, populært kalla Video On Demand (VOD).

I perioden 1994-2000 arbeidde han i Statoil Noreg AS, der han har jobba både som eigedomssjef, vedlikehaldssjef, seksjonssjef og prosjektleiar. Tidlegare var han overingeniør i Statens vegvesen. Han er utdanna sivilingeniør frå NTH og bedriftsøkonom frå Noregs Handelshøgskule i Bergen. Han tar til i stillinga i byrjinga av haustsemesteret.

Emneord: Universitetspolitikk, Tilsetjing Av Martin Toft
Publisert 2. juli 2003 14:50 - Sist endra 10. des. 2008 15:05
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere