Gunnar Handal får Kristian Ottosen-prisen

Professor Gunnar Handal ved Pedagogisk forskingsinstiutt, UiO er tildelt Kristian Ottosen-prisen 2003. Han får prisen blant anna for det utrøyttelege og iherdige arbeidet han har drive for å betra læringsmiljøet til studentane. Prisen er på 50 000 kroner. - Eg synest dette var ei fantastisk og uventa påskjøning, seier Gunnar Handal til Uniforum.

HIMMELFALLEN: - Eg blei både himmelfallen og overraska, då dei fortalde meg at eg hadde blitt tildelt Kristian Ottosen-prisen 2003, fortel prisvinnar Gunnar Handal.
Foto: Trine Nickelsen

- Eg blei både himmelfallen og overraska då instituttstyraren og kontorsjefen kom inn på kontoret mitt med ei svært løyndomsfull mine og fortalde meg at eg var tildelt Kristian Ottosen-prisen 2003, fortel Handal.

- Det er svært hyggeleg for meg at studentane har spelt ei viktig rolle då det blei avgjort kven som skulle få denne prisen, legg han til. Sjølv har han enno ikkje fått tid til å tenkja over kva han skal bruka prispengane til.

- Nei, det har eg ikkje. Likevel er nok æra viktigare enn pengane i samband med denne prisen, tykkjer han.

Læringsmiljø og kompetanseutvikling

Det er styret for Kristian Ottosens fond som har avgjort at prisen i år skal gå til Gunnar Handal. Styreformann er mannen prisen er kalla opp etter, Kristian Ottosen, som var direktør for Studentsamskipnaden i Oslo i 30 år.

I grunngjevinga for å gi prisen til Gunnar Handal står det at han i tillegg til å ha arbeidd iherdig for å betra læringsmiljøet til studentane, også på ulike måtar gjennom heile karrieren sin har arbeidd for å auka studiekvaliteten innan høgare utdanning. Eit anna argument for å gi han prisen er den viktige oppgåva han har spela for kompetanseutvikling blant universitetslærarane.

Også evalueringsarbeidet han har gjort av utdanningsprogram, studieplanar og undervisning, blir trekt fram som grunn til at han er tildelt prisen. Det blir dessutan lagt sterk vekt på rolla hans i utviklinga av ein rettleiingspedagogikk som har tatt sikte på å utvikla og styrkja rettleiinga av spesielt hovudfags- og doktorgradsstudentar.

Til sist blir det peika på korleis han har vore kontakt- og referanseperson for fagmiljø, studentar og administrative organ ved UiO.

- Ære til universitetspedagogikken

Gunnar Handal tolkar prisutdelinga som ei ære til heile det universitetspedagogiske miljøet.

- Me er eit team som arbeider med universitetspedagogikk. Prisen går til meg som leiar for denne gruppa. Men dette er ein pris som ærar arbeidet som heile teamet av universitetspedagogar står bak, slår Handal fast på telefon frå hytta på Hvaler.

Gunnar Handal var nominert av Pedagogisk forskingsinstitutt, UiO, med støtteerklæringar frå universitetsmiljøet. Han har også vore nominert tidlegare. Blant tidlegare prisvinnarar finn ein både professor Kjell Raaheim, Det psykologiske fakultetet, UiB (2002), student Beate Svenningsen, Studenthuset Chateau Neuf, Oslo (1999) og rektor Ole D. Mjøs, Universitetet i Tromsø (1992). Prisen blir delt ut under Universitetet i Oslos årsfest 2. september.

Emneord: Undervisning, Priser Av Martin Toft
Publisert 2. juli 2003 13:42 - Sist endra 10. des. 2008 15:08
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere