- Alle økonomimodellar er nasjonale

Ingen land kan ha ein identisk marknadsøkonomi eller planøkonomi. Alle modellane vil vera prega av dei nasjonale tradisjonane i dei landa dei blir brukte. Det er tesen til det internasjonale nettverket av vitskapsfolk som ser på samanhengen mellom kultur og økonomi.

NASJONALE: Nasjonale forhold spelar ei stor rolle for økonomimodellen i eit land, meiner forskarane Eli Moen og Richard Whitley.
Foto: Martin Toft

Nettverket hadde nyleg ei samling på Leangkollen i Asker. Uniforum fekk samla ein del av deltakarane for å finna ut meir om kva vitskaplege teoriar dette nettverket har om samanhengen mellom nasjonale kulturar og ulike økonomimodellar.

- Globaliseringa får oss til å tru at alle land er i ferd med å innføra ein identisk marknadsøkonomi. Det er ikkje rett. Alle land har tilpassa marknadsøkonomien til nasjonale kulturar og tradisjonar, understrekar Kari Lilja frå Helsinki School of Economics i Finland.

USA vs. Europa

- USA er dømet på den marknadsliberale økonomien der dei private selskapa dominerer, medan staten spelar ei meir beskjeden rolle. I Europa spelar staten ei dominerande rolle som lokomotiv i økonomien, fortel Lilja. Den franske økonomen Robert Boyer frå forskingsinstitusjonen EHESS i Paris, meiner Frankrike er eit godt døme på dette.

- I heimlandet mitt er dei store industriselskapa veike, men staten syt heile tida for å halda alle hjula i gang. Dessutan har landet ein godt utbygd velferdsstat. Men Kina har kanskje den mest motsetningsfylte økonomiske modellen av alle verdas land. Der har dei ein økonomisk modell som kan kallast for kommunistleia kapitalisme. I Japan er staten veik, medan industriselskapa er svært sterke. Politikarane er mest opptekne av å skapa best mogleg spelerom for dei store japanske selskapa. Det einaste staten gjer, er å laga spelereglane. Og så kan industriselskapa vera aktørar, fortel Boyer.

Både Boyer og Lilja viser til Tyskland som eit land der ein godt utvikla velferdsstat går hand i hand med privat og statleg kapital. Lilja trekkjer gjerne fram Finland som eit land som har klart å trekkja seg sjølv opp etter håret.

Grenselandsøkonomi

- Finland har lenge hatt ein typisk grenselandsøkonomi. Først var landet avhengig av den utstrekte handelen landet hadde med Sovjetunionen. Når den marknaden fall saman som ein kortstokk etter kommunismen sitt fall, måtte landet byrja frå nullpunktet igjen. Då blei staten og dei private selskapa einige om å satsa på høgteknologi og produksjon av mobiltelefonar. Resultatet blei dekkfabrikanten Nokia som blei omgjort til mobilfabrikanten Nokia. Finland har ein marknadsøkonomi som på ingen måte kan samanliknast med den økonomiske modellen i dei skandinaviske landa, Noreg, Sverige og Danmark, meiner Lilja.

Opptekne av nasjonale modellar

Sosiologiprofessor Richard Whitley frå Manchester Business School var blant initiativtakarane til dette nettverket av vitskapsfolk som ser på samanhengen mellom nasjonale tradisjonar og økonomiske modellar.

- Då me starta opp nettverket for ti år sidan i Helsingfors, var me opptekne av å setja i gang forsking på kvifor og korleis nasjonale tradisjonar og kulturar har skapt ulike økonomiske modellar i land som til dømes Japan og Frankrike. Dette feltet har ikkje dei tradisjonelle økonomane vore interesserte i å forska på. I Noreg kunne det vore interessant å ha sett på kva rolle økonomane har spela for å utvikla samfunnsøkonomien. I andre land er det industrileiarar og andre som har spela hovudrolla, fortel Richard Whitley. Samlinga på Leangkollen var organisert av forskarane Eli Moen og Bjørn Quiller ved Institutt for kulturstudiar.

Emneord: Statsvitenskap, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 3. juli 2003 09:11 - Sist endra 10. des. 2008 14:42
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere