Johannes Bratt Andenæs blir rekna som ein føregangsmann i
norsk rettsvitskap og har heilt til det siste deltatt i
offentlege diskusjonar om aktuelle rettslege spørsmål. Dei
siste åra har han skapt overskrifter i avisene for å ha tatt
til orde for at ingen bør straffast for bruk av narkotika.
Andenæs er æresdoktor ved universiteta i København og
Uppsala, og var i 1981 den første som blei tildelt den
nordiske juristprisen. Andenæs har blant anna utgitt bøkene
Straffbar unnlatelse (1943, dr.avh.),
Statsforfatningen i Norge (7.utg. 1990),
Allminnelig strafferett (3.utg. 1989), Det
vanskelige oppgjøret (1979) og Innføring i
rettsstudiet (3. utg. 1990).
(Kjelder: Store Norske leksikon, UiOs nettsider, Universitas
og NTB)
Johs. Andenæs er død
Jusprofessor Johs. Andenæs er død. Andenæs blei 90 år gamal. Han sovna inn i heimen sin tidleg om morgonen torsdag 3. juli, melder NTB. Han blei fødd i Innvik i Sogn og Fjordane 7. september 1912, og var professor i rettsvitskap ved UiO frå 1945 til 1982 Andenæs var rektor ved Universitet i Oslo frå 1970 til 1972.
DØD: Johs. Andenæs døydde torsdag 3. juli 2003, 90 år gamal. (Foto: Universitas)
Publisert 3. juli 2003 14:49
- Sist endra 10. des. 2008 15:17
Logg inn for å kommentere