Kan koma pengar til nytt informatikkbygg

Det kan koma pengar til nytt informatikkbygg for Institutt for informatikk ved UiO på det endelege statsbudsjettet for neste år. Denne spådommen kom leiar for Stortingets KUF-komité, Rolf Reikvam med, etter at studentar og tilsette ved IFI hadde demonstrert for nytt informatikkbygg utanfor Stortinget onsdag 28. november.

Studentar og tilsette ved Institutt for informatikk demonstrerer for nytt informatikkbygg.
Foto: Martin Toft

- Det er grunn til å vera optimistar når det gjeld sjansane for å få pengar til bygging av nytt informatikkbygg på Blindern med å på statsbudsjettet for 2002, sa Reikvam til demonstrantane etter at han og dei andre partia sine utdanningspolitiske talsmenn hadde tatt imot eit brev med krav om nytt informatikkbygg frå professor Fritz Albregtsen på vegner av aksjonskomiteen ved instituttet.

Krybberom og dyrestall

Rett før hadde Albregtsen halde ein appell der han viste til likskapen mellom Josef og Maria i Juleevangeliet og situasjonen for studentar og tilsette ved Institutt for informatikk.

- Om dei hadde kome til oss 2001 år seinare, hadde heller ikkje me kunne ha tilbydd dei noko anna enn eit krybberom og ein dyrestall, sa han, og viste til det faktum at det nye profesjonsstudiet i informatikk i dag må halda til i den kondemnerte odontologibygningen på Blindern, som tidlegare blant anna husa dyrestallar. Før det hadde aksjonistane fått blåst opp eit svært konkret luftslott på Løvebakken, som eit symbol på korleis dei såg på at politikarane enno ikkje har halde lovnaden om å byggja eit nytt informatikkbygg i Gaustadbekkdalen.

"Norge trenger IT-folk, ikke flere luftslott" og "Informatikkbygg nå!" var hovudparolane til dei rundt 200 demonstrantane, som vekte ein viss oppsikt blant dei tilfeldig forbipasserande. Også Noregs mest kjente IT-professor, Kristen Nygaard, solidariserte seg med sine kollegar ved Institutt for informatikk, og deltok i fremste rekkje blant demonstrantane.

Hindra flytting til Fornebu

Bakgrunnen for demonstrasjonen var at Stortinget hausten 1998 vedtok at det skulle byggjast eit stort tilbygg til Informatikkbygningen på Blindern/Gaustadbekkdalen. Bygningen skulle finansierast av Noregs forskingsråd, og leigast ut til Universitetet i Oslo. Stortinget skulle så tilføra Universitetet dei naudsynte friske midlane for å dekka husleiga. Vedtaket var også det som skulle til for ät framlegget om å flytta heile Institutt for informatikk til IT-Fornebu ikkje fekk nokon oppslutnad. Difor vil instituttet at lovnadane om nytt informatikkbygg skal oppfyllast no. Dei tilsette viser til at instituttet er i ein sterk oppbyggingsfase, og starta i sommar opp eit nytt 5-årig profesjonsstudium i informatikk.

- Dette studiet er så langt blitt ein suksess, med stor søkjarmasse og høgt kvalifiserte og godt motiverte studentar. Planane er å trappa opp denne utdanninga kraftig i åra framover. Men desse planane vil falla i grus, dersom ikkje Stortinget fylgjer opp byggjevedtaket frå 1998, meiner professor Nils Damm Christophersen ved Insitutt for informatikk.

- Dette er både uverdig og uhaldbart. Vidare satsing på informatikkstudia ved Universitetet i Oslo er avhengig av betre lokale for instituttet, fastslår Christophersen på vegner av aksjonskomiteen.

Emneord: Økonomi, Ny informtikkbygning, Informatikk Av Martin Toft
Publisert 29. nov. 2001 11:32 - Sist endra 10. des. 2008 15:19
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere