- Kontroll er eit banneord på UiO

- Det var ei stor utfordring å byggja opp eit tilsynsorgan som Eining for Intern revisjon i ein kultur der kontroll er eit banneord, og der kontroll er basert på tillit. Det seier revisjonsdirektør Gerd Thorsen som etter 28 år ved UiO takkar for seg.

- Det har vore mange forsøk på å knebla eller leggja ned Eining for Intern revisjon, seier nyleg avgått revisjonsdirektør Gerd Thorsen.
Foto: Ståle Skogstad

- All oppdragsforsking ved universitetet må skje i UiOs regi. Difor må universitetet arbeida for ny lov om forskarane sine rettar. Det å flytta ut gode forskingsmiljø kan føra til eit fragmentert universitet med mange satellittstasjonar rundt institusjonen, noko som vil vera svært uheldig, meiner Gerd Thorsen.

Frå eit arbeidarmiljø i Bergen via Stockholm og Ericsons dotterselskap Rifa, kom ho til Universitetet i Oslo i 1974. I 1980 oppretta UiO si første økonomiavdeling med fire underavdelingar. Gerd Thorsen blei den tredje rekneskapssjefen.

- Rekneskapsavdelinga var ansvarleg for både stats-, fonds- og legatrekneskapane, for økonomisk kontroll, budsjettkontroll og for godkjenning av økonomiske saker, men også for erstatningssaker. I tillegg måtte avdelinga godkjenna samtlege bilag for heile universitetet. Å byggja opp universitetet si forståing for rekneskap og økonomistyring og kor viktig det er med ansvarsmedvitne medarbeidarar var den største utfordringa eg stod overfor den gongen.

- Kva har du lært av åra som rekneskapssjef og avdelingsdirektør for Eining for Intern revisjon?

- Det er viktig med klare meldingar, å ta opp konfliktar umiddelbart, å gi fridom under ansvar, å gi tilbakemeldingar og eit klapp på skuldra. Men det er minst like viktig å byggja opp eit sosialt miljø og vera klar på kven som er sjef. Min filosofi er at eg aldri skal kritisera medarbeidarane mine medan andre høyrer på. Det er ein uting. Eg har vore utruleg heldig, konstaterer Thorsen, som skryt av det gode miljøet ho har arbeidd i og ho er stolt over å ha bygd opp to komplekse avdelingar i fellesskap med flinke medarbeidarar.

I 1992 påla Utdannings- og forskingsdepartementet UiO internrevisjon, og Gerd Thorsen blei den aller første tilsette i stillinga som leiar for internrevisjonen ved UiO.

Kritikk i akademisk toneart

- Det var litt av ein overgang å koma frå ei avdeling der samhald var viktig til eit kontor der eg var heilt åleine med dei utfordringane som låg framfor meg. Tenk dykk berre kva det vil seia å byggja opp eit tilsynsorgan i ein kultur der kontroll er eit banneord, og der kontroll er basert på tillit.

- Kritikk skal aller helst framførast i ein akademisk toneart, altså vera indirekte, medan direkte tale blir sett på som om ein er utan kjensler for andre. Heile tida veks motstanden i samsvar med kor brennbare sakene me går inn i er, og dermed blir det umogleg å prioritera vennskap. Likevel gjekk eg inn i den jobben fordi eg hadde tru på at UiO hadde behov for internrevisjon, seier ho.

- Kva saker hugsar du best av dei som er tatt opp av Internrevisjonen?

- Det er ingen tvil om at det er innføringa av nytt løns- økonomi- og personalsystem (LØP-prosjektet), utgreiinga om biarbeid for dei UiO-tilsette, kvalitetssikring av rekneskapane til universitetet, det som har å gjera med stiftingar og randsoneselskap og forskarane sin rett over eigne resultat som har vore dei viktigaste sakene dei siste åra.

- Når det gjeld den første saka, så dreia jo den seg om kompetansemangel, prestisje, eksterne kvalitetssikrarar som ikkje alltid visste kva dei uttalte seg om og ein systemeigar som sat på pengesekken. Det handla også om den urøynde kunden sitt møte med profesjonelle leverandørar, manglande tiltru til universitetet sine eigne tilsette og mangel på testresultat. Men denne saka handla dessutan om fantastisk innsats frå dei som deltok i prosjektet og frå dei som har fått systemet til å fungera.

- Eg undrar meg på kva som hadde skjedd om UiO hadde fylgd internrevisjonens tilråding om ikkje å gå på lufta med økonomisystemet frå 1. januar 1998. Dei tre neste åra viste at Internrevisjonen hadde rett i samtlege risikofaktorar som me hadde peika på, understrekar Thorsen.

Biarbeid

Kort tid etter stakk ho hendene i eit nytt vepsebol, nemleg spørsmålet om biarbeidet til dei universitetstilsette.

- Me fann mange firma som blei omtalte som einskildsaker fordi me ikkje rører einskildsaker ved UiO. Det var nettopp desse sakene som førte fram til biarbeidsutgreiinga. Det var tøft av oss å gå inn i ei slik politisk brennbar sak. På den måten var internrevisjonen minst sju år i forkant då me ynskte å få desse sakene opp til overflata. Me har lagt fram nokre saker, men eg trur biarbeidsreglementet frå 2000 hadde vore mykje klarare om to saker som skal opp for Kollegiet no, hadde blitt lagde fram då eg bad om det, seier Thorsen. Ho synest ikkje det er greitt å sjå store avisoverskrifter eller at det blir rettssaker etter at Internrevisjonen har reist ei sak.

- Det å føra tilsyn er viktig, og det å gå inn i vanskelege saker der og då er vesentleg, slår ho fast.

Knebling

Det er ikkje alle som har vore like nøgde med å bli kika etter i korta av Internrevisjonen.

- Difor har det også vore mange forsøk på å knebla eller leggja ned Internrevisjonen. Det såg ut som om nokon ikkje aksepterte internrevisjonen si sjølvstendige linje med rett og plikt til å rapportera til Kollegiet. Difor stilte eg stillinga mi til disposisjon då dette skjedde første gong i april 1994. Ein månad seinare kom eg tilbake med ein skriftleg avtale, fortel ho.

- Korleis har samarbeidet mellom deg og universitetsdirektør Tor Saglie vore?

- Samarbeidet har vore svært godt om enn noko uvant for oss begge. Men me har på ein hårfin måte klart balansegangen. Universitetsdirektøren sin jobb er veldig krevjande, og han fekk ein leiar for internrevisjonen som sjølv likar å leia og ikkje bli leia.

- Av og til har eg opplevd lojalitetskonfliktar både overfor universitetsdirektøren, Kollegiet og rektoratet. Det har sjølvsagt vore vanskeleg å stå ute i ope lende med motstand rundt meg, seier Thorsen.

Kollegiet skal 11. juni tilsetja hennar etterfylgjar som leiar for Eining for Intern revisjon.

- Eg håpar ein ny leiar held fram med den sjølvstendige og uavhengige linja som eg har stått for. Universitetet er ikkje tent med ein leiar som snur seg rundt for å sjå om ein revisjon kan føra til ulemper for ein sjølv.

- Ein ny leiar må ha rygg til å be ei fakultetsleiing om å avklara ansvarsforhold om ein vitskapleg tilsett er på ville vegar og leiinga ikkje ynskjer å rydda opp. Den rette leiaren må også våga å reisa seg opp i Kollegiet og seia at det som blei lagt fram på møtet i ei bestemt sak, er feil, slår Thorsen fast, som gjerne vil ha med ein takk til alle dei universitetstilsette for eit godt samarbeid.

Emneord: Økonomi, LØP Av Martin Toft
Publisert 7. juni 2002 10:37 - Sist endra 10. des. 2008 15:21
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere