Tusenvis protesterte mot statsbudsjettet

Over 2000 studentar og tilsette ved Universitetet i Oslo deltok torsdag 16. november i demonstrasjonen mot regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett. Markeringa blei organisert av Studentparlamentet, Forskarforbundet 2FO og Norsk Tenestemannslag, men hadde full støtte frå universitetsleiinga.

Studentar og tilsette ved UiO demonstrerer mot statsbudsjettet.
Foto: Martin Toft

Universitetsplassen var mest full av studentar og tilsette ved UiO, då protestmarkeringa tok til klokka 14.00. Heile Kollegiet med rektor Kaare R.Norum og prorektor Rolv Mikkel Blakar i brodden, stillte opp i kappene sine medan Studentparlamentet og fagforeiningane stilte opp med banner og flygeblad. Kunnskap koster, uvitenhet koster mer, var eit av slagorda som blei brukt. Representantar for alle dei tre fagforeiningane, leiar for Studentparlamentet Jon A. Evang og rektor Kaare R. Norum heldt appell før demonstrasjonstoget gjekk frå Universitetsplassen til Stortinget.

Åtak på Arbeidarpartiet

Alle gjekk til åtak på det dei kalla for regjeringa sine lovnadsbrot i utdannings- og forskingspolitikken.
- Arbeidarpartiet klagar over at det går tilbake på meiningsmålingane fordi det ikkje får fram politikken sin godt nok. Det er ikkje rett. Årsaka er at partiet fører feil politikk. No må Arbeidarpartiregjeringa sikra Noreg som kunnskapsnasjon og gi universiteta nok ressursar til å utvikla dei menneskelege ressursane me har, sa NTLs Ulrik Sverdrup.

Kristian Mollestad frå Forskarforbundet fylgde opp med å spørja korleis utdannings- og forskingsminister kunne hevda at det slett ikkje er rett at dette er det verste utdannings- og forskingsbudsjettet i historia slik leiaren for Universitets- og høgskulerådet, rektor ved Universitetet i Tromsø, Tove Bull har hevda.

- Kanskje var det verre i 1975. Men med dette budsjettframlegget vil det knapt vera mogleg å lysa ut fleire doktorgradsstipend i framtida sidan regjeringa tar over 80 millionar kroner frå oss. Kan Giske svara oss på korleis Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet skal kunna spara inn 20 millionar kroner på eitt år? Nei, det ser ut som om det er viktigare for Arbeidarpartiet å gi folk billegare bensin, sprit og kjøt. Takk for at de verkeleg viser det norske folket kva verdiar dei skal setja pris på, sa Moldestad.

Sats på kunnskap

Unni Bingen frå 2 FO understreka kor hardt dette budsjettframlegget vil råka forskinga som er basert på teknologi og hjelpemiddel.
- Desse forskingsmiljøa treng heile tida pengar til drift elles får ikkje realfagstudentane den undervisninga dei har krav på. Eg ynskjer meg eit sterkt universitet som kan vera fremst i Noreg og i front i Europa. Slik vil eg at me skal gi universitetet vidare til neste generasjon. Det vil seia at dersom det norske samfunnet skal ha noko å leva av når oljeinntektene tar slutt, må politikarane satsa på det som sit mellom øyrene på folk, altså kunnskap, sa Bingen.

Leiar for Studentparlamentet Jon A. Evang var positivt overraska over at så mange deltok i demonstrasjonen.
- Det hadde eg slett ikkje drøymt om. Likevel er dette ein trist dag, slik det har vore mange triste dagar for dei som er opptekne av forsking og høgare utdanning sidan framlegget til statsbudsjett blei presentert i haust. Det er utruleg kor liten kreativitet regjeringa viser for å kunna satsa på framtidig utdanning- og forsking i høve til alle ressursane dei bruker for å få ned prisen på bensin og kjøt. Å vera student er det minst attraktive du kan gjera, for me er i ferd med å få ei utvikling der me berre blir tilbydd masseforelesingar med pugging og avsluttande eksamen, meinte Evang.

Ikkje tigging

Rektor Kaare R. Norum understreka i sin appell at det ikkje var nokon grunn for Universitetet i Oslo å stå med lua i handa og tigga om meir pengar frå staten.
- Me skal tilby samfunnet å nytta seg enda meir av dei menneskelege ressursane på universitetet, både studentar, vitskapsfolk og andre tilsette. Etter at Forskingmeldinga blei vedtatt i Stortinget i vår, hadde me trudd at politikarane hadde satsa på utdanning og forsking. Difor er det i vonbrot over at framlegget til utdannings- og forskingsbudsjett blei så dårleg at me deltar i denne protestmarkeringa i dag, sa UiO-rektoren.
Etter appellen gjekk demonstrantane med kollegiemedlemane i front frå Universitetsplassen til Stortinget, der Norum heldt ein ny kort appell.

250 millionar til universiteta

Deretter gjekk han inn i Stortinget for å levera protestbrevet frå studentane og dei tilsette ved UiO til fungerande stortingspresident Hans Røsjorde. I brevet blir det vist til at løyvingane til UiO er barberte med 63 millionar kroner i budsjettframlegget. På vegner av alle dei fire universiteta, krev dei at dei folkevalde styrkar universiteta med 250 millionar kroner. I motsett fall ser UiO seg nøydd til å skjera ned aktivitetsnivået på forskingssida, heiter det i brevet. På vegner av Stortingets presidentskap takka Røsjorde for brevet, men han kunne ikkje lova noko betre budsjett.
- Men eg er sjølv cand.real. så eg har god kunnskap om høgare utdanning, understreka han, før han uttrykte ei viss grad av misunning over den fine rektorkappa til Norum.
- Ei slik kappe skulle gjerne Stortingspresidenten også hatt, meinte Røsjorde.

Emneord: Økonomi Av Martin Toft
Publisert 17. nov. 2000 10:39 - Sist endra 10. des. 2008 15:59
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere