Giske presenterer KUF-budsjettet før sperrefristen

Kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Trond Giske tar innersvingen på journalistane og inviterer til pressekonferanse om budsjettframlegget for 2002 torsdag 11. oktober kl. 8.30, i god tid før budsjettproposisjonen blir tilgjengeleg klokka 10.00.

Statsråd Trond Giske og statssekretær Kari Vigeland presenterer KUF-budsjettet før sperrefristen går ut torsdag 11. oktober.
Foto: Martin Toft

Dermed må journalistane stilla statsråden spørsmål på sparket etter at han sjølv har presentert framlegget til KUF-budsjett. Dette blir truleg den andre og siste budsjettproposisjonen som blir lagt fram av statsråd Trond Giske før han må ut av regjeringskontora og tilbake til Stortinget. Det knyter seg størst spenning til om det blir løyvd ekstra pengar til gjennomføringa av Kvalitetsreforma for høgare utdanning og om det blir løyvd nok pengar til forsking til at Noreg kan nærma seg det gjennomsnittlege OECD-nivået.

Tidlegare har Giske gått ut og sagt at det kjem til å bli løyvd rundt 1 milliard ekstra til forsking som skal gå direkte til institusjonane og universiteta. Om han har klart å halda denne lovnaden, får me altså svar på i morgon.

KUFs budsjettproposisjon og pressemeldingar vil også vera tilgjengelege på ODIN frå klokka 10.00 (http://odin.dep.no/bud2002/) Det er også oppretta ein ny portal i samband med statsbudsjettet (http://statsbudsjett.no)

Emneord: Økonomi Av Martin Toft
Publisert 10. okt. 2001 12:10 - Sist endra 10. des. 2008 15:07
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere