Kollegiet vedtok eit stramt universitetsbudsjett

- Universitetsbudsjettet er sjølvsagt prega av at Finansdepartementet "lurte oss" for den løns- og priskompensasjonen som me hadde rekna med. Men samtidig har me fått nok pengar til å kunna setja i gang med Kvalitetsreforma , fastslår budsjettsjef Per Heitmann ved UiO.

INGEN KOMPENSASJON: - Neste år vil me ikkje få nokon kompensasjon for ekstrautgiftene i samband med lønsoppgjeret, konstaterer budsjettsjef Per Heitmann.
Foto: Martin Toft

Kollegiet vedtok 3. desember den endelege fordelinga av universitetsbudsjettet for 2003. Til saman har UiO eit budsjett på om lag 2,8 milliardar kroner. Dessutan blir det budsjettert med eksterne inntekter på nærare 1 milliard kroner.

- Forsking og utdanning er budsjettvinnarane også etter det endelege budsjettforliket mellom Regjeringa og Framstegspartiet. Difor har me rekna tildelinga til UiO som betre enn frykta, seier Heitmann til Uniforum.

Meir pengar til studiereforma

På førehand dreia spørsmålet seg mest om det ville koma nok pengar til at det var mogleg å gjennomføra Kvalitetsreforma.

- Førebels har det det, men no vil universiteta og høgskulane krevja at det blir løyvd minst like mykje for år 2004 som for i år og 2003. Viss ikkje det skjer, blir det svært vanskeleg å få realisert alle dei gode intensjonane i denne studiereforma, meiner Heitmann. I år tapte UiO om lag 30 millionar kroner på redusert vekttalsproduksjon. Det vil seia at det var for mange studentar som ikkje tok eksamen eller fullførte eit studium.

- God undervisning lønner seg

- Men denne ordninga kan også snu seg til UiOs fordel. Så dersom undervisningspersonalet blir flinkare til å fylgja opp kvar student og får fleire studentar til å bli ved UiO og ta eksamenar, kan denne ordninga fungera som eit sugerør rett inn i statskassen. Det vil vera til fordel for både studentane og dei tilsette ved denne institusjonen, understrekar han.

Inga ekstraløyving

Heitmann er likevel lei seg for at Finansdepartementet har gitt med den eine handa og tatt med den andre.

- Neste år vil me ikkje få nokon kompensasjon for ekstrautgiftene i samband med lønsoppgjeret. I år fekk me ein pris- og lønskompensasjon på 68 millionar kroner. Argumentet til staten er at sidan UiO er ein nettobudsjettert institusjon, kan universitetet fastsetja lønene sjølv. Det stemmer ikkje, for me er ein del av det statlege lønsoppgjeret utan spesielle fullmakter, påpeikar han.

UiOs budsjettsjef er likevel glad for den sterke satsinga på rekrutteringsstillingar på neste års budsjett.

- Dersom dei får meir enn tre års tilsetjing ved UiO, kan dei også brukast i undervisninga. Dessutan er desse stillingane også viktige med tanke på at mange av dei vitskapleg tilsette snart er i pensjonsalderen, forklarar han.

Til saman har UiO altså eit samla budsjett på 2,8 milliardar kroner for neste år. I tillegg reknar ein med eksterne inntekter på om lag 1 milliard kroner.

- Sidan det heile tida er mangel på frie forskingspengar, er dei eksterne inntektene frå Forskingsrådet, andre statlege institusjonar og EU svært viktige for forskingsmiljøa, understrekar Per Heitmann.

InterMedia og USIT

Når det gjeld andre ting i budsjettet, er det klart at det blir ei styrking av InterMedia etter at Kollegiet stemte for å løyva 1, 6 millionar kroner til fire stillingar som teknikarar/produsentar ved dette senteret. Desse stillingane har tidlegare blitt finansiert av inntening på tenesteyting, men dei vil no bli ein del av stillingsmassen til universitetet.

På kollegiemøtet blei det også kjent at UiO er i ferd med å utarbeida ein ny IT-strategi som skal presenterast for Kollegiet på nyåret. Dei strategiske hovudlinjene på feltet vil då bli handsama, og grunnlaget kan bli lagt for vidare strukturering av USIT (Universitetets senter for informasjonsteknologi) og ressursbruken til informasjonsteknologi ved UiO.

I budsjettkommentaren sin peikar universitetsdirektøren på at USIT har fått auka grunnbudsjettet sitt frå 88,376 millionar kroner til 93,848 millionar når eksterne inntekter ikkje er tatt med. Kollegiet har vedtatt å tildela to millionar til arbeidet med Digitale læringsomgivnader, populært kalla DLO-verksemda, og to millionar til KOST-prosjektet.

USIT argumenterer i budsjettframlegget sitt for ytterlegare behov for styrking av grunnbudsjettet. Det er grunnen til at det samtidig med offentleggjeringa av ein ny IT-strategi også vil liggja føre ein analyse med gjennomgang av USITs økonomi, både med omsyn til samsvar mellom ressursbruk og yting, skriv universitetsdirektøren.

Forskarlinje

I årsplanen for 2003 er det lagt inn 7,64 millionar kroner til forskarlinja på Det medisinske fakultetet på varig basis. Når studiet er ferdig utbygd, vil fakultetet/fagmiljøet bli tilført ytterlegare 2,9 millionar kroner på grunnlag av avlagde studiepoeng. Dette er noko mindre enn det fakultetet har bede om, men Kollegiet har ikkje funne rom for fleire midlar i 2003.

Kopinor-avgift

Kollegiet har også med sju mot seks stemmer vedtatt å krevja inn Kopinor-avgift frå studentane. Det vil seia at kvar student vil måtta punga ut med 290 kroner. Til saman vil UiOs utgifter som gjeld studentforbruk av papir, kopiar, utskrifter og den vederlagspliktige delen av kopiert opphavsrettsleg materiell utgjera 19,3 millionar kroner for studieåret 2003.

På halvårsbasis vil dette koma på 9,65 millionar kroner, og Kollegiet har etter forslag frå universitetsdirektøren vedtatt at desse utgiftene skal krevjast inn frå studentane frå og med haustsemesteret 2003.

Vedlikehald

Kollegiet vedtok også å bruka 40 millionar kroner på å framskunda større vedlikehalds- og opprustingsprosjekt i 2003. Det blei lagt til grunn at det blir tildelt midlar til desse prosjekta i 2004/2005. Fylgjande prosjekt blei prioriterte:

Tilpassing av areal i samband med gjennomføring av Kvalitetsreforma: 5,0 millionar kroner
Fullføring av
læringssenter ved HF og SV: 11,0 "
Vent.anl. i Eilert Sundts,
Sophus Bugges
og Vilhelm Bjerknes`hus: 6,9 "
Adm.bygningen/Lågblokka:
ny trafo/energiforsyning: 7,5 "
Frederikke, ny kafé,
opning mot plassen 5,6 "
IFI II, prosjektering
(forskottering fram
til rev. nasj.budsj. 2003 4,0 "
Sum prosjekt: 40,0 millionar kroner

Slik blir universitetsbudsjettet fordelt:

Teologiske fak. 22,620 millionar
Juridiske fak. 151,363 "
Medisinske fak. 382,280 "
HF- fak. 363,150 "
MN- fak. 556,973"
Odontologisk. fak. 141,182"
SV- fak. 220,981"
UV- fak. 128,218"
Sum fakulteta 1.966,767 millionar kroner

Dei kult.hist. musea 39,444 millionar kroner
Dei nat.hist. musea 64,921 millionar kroner
Sum univ.musea 104,364 millionar kroner

Sentra o.a.

Sent. for utv. og miljø 7,293 millionar kroner
Sem. for vitskapsteori 0,507 "
Forum for univ.hist. 4,753 "
Den int. sommarskulen 6,894 "
Bioteknologisenteret 7,582 "
Det norske inst. i Athen 0,555 "
Sent. for kvinne- og kj. 5,001 "
Sum sentra o. a. 32,583 millionar kroner

Faglege midlar
(seinare fordeling) 84,904 "
Universitetsbibl. 149,939 "
Teknisk avdeling 154,704 "
USIT 93,942 "
Sentraladm. 90,721 "
Fellestiltak 63,024 "
Stud.samsk. i Oslo 19.030 "
Studentparlamentet 1,108 "
Reserve 20,689 "
Sum totalt 2.778,775 millionar kroner
(dvs. 2,778 milliardar kroner)

Emneord: Økonomi Av Martin Toft
Publisert 11. des. 2002 13:23 - Sist endra 10. des. 2008 15:21
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere