800 millionar ekstra til Forskingsfondet

Regjeringa foreslår 800 millionar kroner ekstra til Fondet for forsking og nyskaping og 200 millionar kroner til eit Ludvig Holbergs minnefond. Det er ikkje foreslått ei krone meir til gjennomføringa av Kvalitetsreforma. Det går fram av forslaget til revidert budsjett 2003, som blei lagt fram torsdag 15. mai.

KVALITET: - Me ynskjer ikkje ei strukturreform, men ei kvalitetsreform. I dette ligg meir og betre undervisning til studentane og meir oppfylging av den enkelte, seier NSU-leiar Kamil Azhar.
Foto: Ståle Skogstad

Regjeringa foreslår å auka kapitalen i Forskingsfondet til 800 millionar kroner frå 1. juli i år, går det fram av ei pressemelding frå Utdannings- og forskingsdepartementet. Med dagens rentenivå vil dette auka løyvingane til langsiktig, grunnleggjande forsking med rundt 20 millionar kroner i 2004 og 40 millionar kroner i 2005. Samla avkasting frå Forskingsfondet vil i 2004 utgjera om lag 1,9 milliardar kroner. Samla fondskapital blir på 30,8 millionar kroner.

Ludvig Holbergs minnefond

Eit annan nyhende frå det reviderte budsjettet, er at Regjeringa foreslår å etablera eit Ludvig Holbergs minnefond med ein kapital på 200 millionar kroner. Avkastinga frå fondet skal finansiera ein pris for framifrå forsking i samfunnvitskap og humaniora. Prisen skal delast ut for første gong i 2004, 250 år etter at Ludvig Holberg (1684-1754) døydde.

- Eg ynskjer med denne prisen å auka merksemda om samfunnsvitskapleg og humanistisk forsking og å gi eit bidrag til kvalitetsheving og internasjonalisering av forsking på desse områda, seier utdannings- og forskingsminister Kristin Clemet.

- Dessutan ynskjer eg at prisen skal styrkja rekrutteringa, særleg til språkfaga. Eit sentralt mål for forskingspolitikken til Regjeringa er å styrkja den langsiktige, grunnleggjande forskinga og fokusera på kvalitet. Eg håpar at Holberg-prisen vil hjelpa til med det, seier Clemet.

Prisen skal blant anna heidra Ludvig Holbergs minne gjennom å visa fram den lærde Holberg både som humanist og samfunnsvitar. Dei fleste vil kjenna Holbergsom forfattar av komediar som Erasmus Montanus og Jeppe på Berget. Det er ikkje så kjent at forfattarskapen hans også inneheldt faglege skrifter, både innanfor europeisk historie og dansk-norsk historie. I tillegg skreiv han om både jus og statsvitskap.

Auka støtte til Holocaust-senteret

Senter for studiar av Holocaust og livsynsminoritetar si stilling i Noreg (HL-senteret) får to millionar kroner i ekstraløyving i revidert budsjett, om forslaget til Regjeringa får fleirtal i Stortinget. Verksemda ved HL-senteret er knytt til forsking, undervisning på områda holocaust, folkemord, menneskerettar og minoritetsspørsmål, og vil frå 2005 vera lokalisert i Villa Grande på Bygdøy.

Ingenting til Kvalitetsreforma

Det største vonbrotet for studentane, universiteta og høgskulane, er truleg at Regjeringa ikkje har sett seg råd til å løyva meir pengar til gjennomføringa av Kvalitetsreforma.

- Studentane blir dei store taparane dersom Stortinget ikkje sikrar ei stor nok fullfinansiering av Kvalitetsreforma i revidert budsjett for 2003 og seinare i statsbudsjettet for 2004, seier leiar for Norsk Studentunion, Kamil A Azhar i ei pressemelding. Det blir vist til at dei fire universiteta i Noreg ikkje har fått tilbakeført kostnadane på 140 millionar kroner ved lønnsoppgjeret i 2002/2003 i overgangen frå brutto- til nettobudsjettering. NSU fryktar at universiteta må seia opp tilsette, dersom reforma skal innførast trass i den manglande lønnskompensasjonen.

- Me ynskjer ikkje ei strukturreform, men ei kvalitetsreform. I dette ligg meir og betre undervisning til studentane og meir oppfylging av den enkelte, seier Azhar.

Emneord: Økonomi Av Martin Toft
Publisert 15. mai 2003 14:16 - Sist endra 10. des. 2008 14:40
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere