20 millionar til Urbygningen og Midtbygningen

Regjeringa ynskjer å løyva 20 millionar kroner til vedlikehald og restaurering av Urbygningen og Midtbygningen i Oslo sentrum. I tillegg går regjeringa inn for å løyva to millionar kroner til innkjøp av utstyr til dei to bygningane. Det går fram av framlegget til statsbudsjett for 2001 frå Kyrkje,-utdannings- og forskingsdepartementet. Til saman får UiO ei løyving på 2,196 milliardar kroner.

Rektor Kaare R. Norum er skuffa over at løyvingane til omstilling av universiteta som kom i fjor, er strokne i budsjettet for 2001.
Foto: Ståle Skogstad

Rektor Kaare R. Norum seier seg glad for at det er sett av pengar til rehabilitering av dei historiske universitetsbygningane i Oslo sentrum og at det skjer ei opptrapping av løyvingane til studentar innan helsefaga.
- Men i høve til den eventyrlege veksten i oljefondet, er desse summane ikkje noko svar på dei utfordringane Noreg står overfor i arbeidet med å utvikla kunnskap og utdanning for å møta eit framtidig kunnskapssamfunn, meiner UiO-rektoren.

494 færre studieplassar

Det som ikkje er like hyggeleg er at UiO får tildelt 494 færre studieplassar neste år. KUF føreset at reduksjonen blir fordelt på allmennfakulteta. Dette vil utgjera eit inntektstap på 30 000 kroner for kvar studieplass, noko som til saman svarar til ein reduksjon på rundt 14,8 millionar kroner. Dette råkar også forskingsløyvinga som fylgjer studenttalet.

- Departementet har tidlegare gitt uttrykk for at det ynskte å skjerma forskinga i høve til svingingane i studenttalet. Me kan ikkje tilsetja og seia opp forskarar i takt med tilgangen på studentar, seier Norum.

Fleire medisin- og farmasistudentar

Talet på studentar i medisin og farmasi blir auka med høvesvis 45 og åtte plassar. Det er dessutan lagt inn 1,8 millionar kroner til større opptak på psykologi med 16 nye studieplassar finansierte over psykiatriplanen. Budsjettframlegget omfattar 26,5 millionar kroner til vidare oppbygging av medisinutdanninga ved Sentralsjukehuset i Akershus. Av dette er 15,55 millionar kroner knytte til bygg og utstyr.

Dessutan er budsjettramma for Institutt for menneskerettar auka med ein halv million. I tillegg er det lagt inn ein million kroner til Humboldtuniversitetet. I budsjettramma til UiO er det også lagt inn pengar til heilårseffekten av 33 stipendiatar og 28 postdoktorstillingar som blei oppretta i samband med statsbudsjettet for 2000.

Øyremerkte stillingar for kvinner

Norum seier seg tilfreds med at det er løyvd 100 nye doktorgradssipendiatstillingar og øyremerkt 20 professorat og 40 postdoktorstillingar til kvinner. Problemet er at universitetet må ta driftsmidlar til alle desse stillingane innanfor ei ramme som i røynda er svært redusert. Etter det universitetsleiinga har rekna ut, har UiO fått redusert budsjettet med 58,5 millionar kroner. Det er rundt 2,9 prosent av totalbudsjettet. Norum er lei seg for at løyvingane til omstilling til universiteta som kom i fjor, er strokne i budsjettet for 2001.

- Ingen kan rekna med at universiteta vil klara å gjennomføra tunge omstillingsprosessar i løpet av eitt år. På den måten viser regjeringa at den ikkje fylgjer opp viljen til universiteta til å omstilla seg for å løysa viktige samfunnsoppgåver, påpeikar han.

Forskingsbudsjettet aukar

Departementet foreslår å auka forskingsbudsjettet med fem prosent til 10,4 milliardar kroner for alle departementa til saman. I tillegg kjem kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping til å bli auka med tre milliardar til sju milliardar kroner i framlegget til statsbudsjett for 2001. Dermed vil avkastinga frå fondet vera på 410 millionar kroner i 2002.

Regjeringa fylgjer opp framlegget til satsingsområde i Forskingsmeldinga, og prioriterer langsiktig grunnleggjande forsking, marin forsking, medisinsk og helsefagleg forsking informasjons- og kommunikasjonsteknologi og forsking i skjeringsfeltet mellom energi og miljø. Det blir dessutan gjort framlegg om å etablera ei tilskottsordning som skal gi næringslivet støtte til kjøp at FoU- (Forsking og Utvikling)tenester frå universiteta, høgskulane eller forskingsinstitutta. Difor ynskjer regjeringa å løva 200 millionar kroner til dette tiltaket over Nærings- og handelsdepartementets budsjett.

Noregs forskingsråd får ei løyving på 683 millionar kroner, ein auke på 4,2 prosent. KUF har dessutan sett av midlar som skal brukast til evaluering av Forskingsrådet. Meininga er at den skal vera sluttført ved utgangen av 2001.

- Universitetet i Oslo er glad for at regjeringa har auka løyvingane til forsking. Men denne auken gjeld ikkje løyvingar direkte til forsking ved universiteta, men til satsingar gjennom departementa og næringslivet, understrekar Norum.

Nettobudsjettering

Frå denne hausten innfører regjeringa nettobudsjettering for universiteta. Dette gjer at eigeninntektene ikkje blir inkluderte i den totale budsjettramma. Ein annan fylgje av dette er at universiteta sjølve vil få ansvaret for innbetaling til Statens pensjonskasse. Dette meirarbeidet skal det kompenserast for med ei ekstra løyving på 142,1 millionar kroner til Universitetet i Oslo. Budsjettramma for UiOs del er redusert med 23,5 millionar kroner i samband med innføring av direkte refusjon av sjukepengar for statlege verksemder frå 2000.

Emneord: Økonomi Av Martin Toft
Publisert 4. okt. 2000 17:16 - Sist endra 10. des. 2008 14:39
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere