UiO må spara inn 81 millionar

Universitetet i Oslo må spara inn 81 millionar kroner på budsjettet for neste år dersom regjeringa sitt framlegg til universitetsbudsjett blir vedtatt av Stortinget. Det opplyser universitetsdirektør Tor Saglie til Uniforum.

- Dette er det verste framlegget til universitetsbudsjett eg har opplevd sidan eg byrja som universitetsdirektør for ni år sidan, seier universitetsdirektør Tor Saglie ved UiO.
Foto: Ståle Skogstad

- Regjeringa sitt framlegg til budsjett for UiO, er det verste eg har opplevd i dei ni åra eg har sete som universitetsdirektør. Ikkje berre taper me 51,8 millionar kroner i høve til det me hadde rekna med, men avtalar og kontraktar som går over fleire år, gjer at me blir nøydde til å spara inn 81 millionar kroner, seier Saglie. Han har no send eit brev til alle fakulteta og bede dei om å koma med framlegg til moglege innsparingar

- Denne gongen nyttar det nemleg ikkje å bruka ostehøvelprinsippet, altså å kutta likt over alt. Det må kraftigare lut til. Difor må fakulteta koma med framlegg om kva fag, aktivitetar og oppgåver som kan nedprioriterast eller kuttast heilt ut, slår han fast. Men det finst også andre måtar å få inn dei pengane UiO manglar på.

- Ja, Universitetet i Oslo har eksterne inntekter på rundt 750 millionar kroner, og me må finna ut om det går an å auka denne inntektskjelda. Då vil i tilfelle dei manglande pengeløyvingane ikkje merkast i like stor grad. Ikkje minst innan etter- og vidareutdanningsaktivitetane og innan einskilde forskingssektorar ville dette ha vore mogleg. På ein eller annan måte må me finna ut korleis det kan koma heile universitetet til gode, seier Saglie. Han legg ikkje skjul på at han er svært vonbroten over framlegget til budsjett frå regjeringa.

Å skusla med såkornet

- Det som er mest negativt, er at regjeringa gjennom dette budsjettframlegget ikkje har klart å profilera den viktige samfunnsoppgåva som forsking og høgare utdanning har i Noreg. Viss dette dårlege universitetsbudsjettet blir vedtatt av Stortinget tyder det at politikarane er i ferd med å skusla med såkornet . Det vil vera ei svært uklok handling, synest universitetsdirektøren. Men han har framleis von om at det endelege budsjettet blir betre enn framlegget frå regjeringa.

- Det ser ut som om alle partia utanom Arbeidarpartiet og Framstegspartiet kan tenkja seg å auka løyvingane til forsking og høgare utdanning. Men me kan førebels ikkje vera sikker på det. Difor er arbeidet med budsjettet akkurat som om me held på å skyta på eit mål som heile tida er i rørsle.

Dramatisk for HF

Universitetsleiiinga har bede Det historisk-filosofiske fakultetet om å kutta budsjettet med 14,6 millionar kroner.
- Dette er svært dramatisk, synest dekan Even Hovdhaugen. Han håpar likevel at Stortinget vil auka løyvingane til Universitetet i Oslo.
- Det blir likevel eit tøft budsjettår for HF-fakultetet. Av tiltak som me sannsynlegvis kjem til å setja i verk er sterkt redusert utlysing av stipendiatstillingar, administrative samanslåingar og forenklingar. Me vil dessutan vera svært varsame med å lysa ut nye stillingar og tilsetja folk i faste stillingar som blir ledige. Når me veit meir om korleis det endelege budsjettet blir, kjem me til å vurdera om det skal setjast i verk andre tiltak, opplyser Hovdhaugen til Uniforum.

Dramatisk for TF

Også ved Det teologiske fakultetet kan det bli dramatiske fylgjer av ei eventuell innsparing på 509 000 kroner, konstaterer dekan Trond Skard Dokka.
- Me er i den situasjonen at det ikkje er aktuelt å trekkja inn nokon av studieløpa, og dermed heller ikkje å nedleggja nokon av dei forskingsfaglege disiplinane. Det vil seia at kutta må dekkast på annan måte, i praksis ved å avgrensa bruken av vikarar når vitskaplege stillingar blir ledige, ved å halda ei stipendiatstilling ledig og ved å effektivisera undervisningstilbod og eksamensavvikling, opplyser TF-dekanen, som varslar at desse sparetiltaka kan få svært negative verknader.

- Når det gjeld undervisningsinnsats er me allereie på grensa av det som er forsvarleg utifrå gjeldande studieplanar og allment aksepterte krav til studiekvalitet. Eit ytterlegare kutt på rekrutteringsmidlar vil på sikt vera ei dødslinje for eit fagleg miljø. Dette kan også gjera det vanskeleg å gjennomføra den omstillingsprosessen me er godt i gang med, seier Skard Dokka.

Dramatisk for Odontologi og Jus

Det odontologiske fakultetet er bede om å spara inn 2,9 millionar kroner eller 3 prosent av det samla budsjettet, opplyser fakultetsdirektør Bente Torgersen.
- Dette vil vera dramatisk for forskinga fordi me truleg må spara inn på driftsmidlar til forsking eller omdisponera frå innkjøp av nytt vitskapleg utstyr til drift. Det går ikkje an å spara inn på undervisningsbudsjettet fordi der er studieplanen allereie fasttømra.
Det juridiske fakultetet må kutta ned utgiftene med 2,5 millionar. Dekan Frederik Zimmer trur dette vil få alvorlege fylgjer for fakultetet.
- Det kan vanskeleg unngåast at det vesentlege av eit kutt må takast i timelærarbudsjettet. Det juridiske fakultetet er også misnøgd med at det tilsynelatande også i år blir lagt opp til ei fordeling mellom fakulteta basert på vidareføring av historiske tall. Me har framleis om lag 88 studentar for kvar lærar ved fakultetet, og me har i mange år klaga over at budsjettmodellen ikkje tar nok omsyn til dette, seier Zimmer.

MN-fakultetet må kutta mest

Etter det Uniforum kjenner til er MN-fakultetet bede om å spara inn 19,4 millionar kroner medan SV-fakultetet må setja i verk tiltak som kan gi ei innsparing på 9,2 millionar kroner. Det utdanningsvitskaplege fakultetet må redusera budsjettet med 4,3 millionar kroner. Det medisinske fakultetet slepp heller ikkje unna innsparingane, og må kutta utgiftene med 6,8 millionar kroner.

Samtidig vil pengepotten til Sentraladministrasjonen og til fellestiltak mellom UiO og Studentsamskipnaden til saman bli redusert med 4,9 millionar kroner. Teknisk avdeling må spara inn 8,8 millionar kroner og USIT (Universitetets Senter for Informasjonsteknologi) er bedne om å barbera budsjettet med 2,1 millionar kroner. Universitetsbiblioteket må spara inn 2,8 millionar kroner på budsjettet medan musea må redusera budsjettet med 1,6 millionar kroner.

Budsjettsituasjonen ved UiO, kjem også opp som sak på kollegiemøtet tysdag 14. november og på kollegierådsmøtet 17. november.

Emneord: Økonomi Av Martin Toft
Publisert 6. nov. 2000 16:42 - Sist endra 10. des. 2008 16:03
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere